Henrik Krohn.

Du trugne Mann, du sloknad av
som Baara imot Land fraa Hav.
Du lengje slo, og Land du vann.
Fyr Saki di du skreid som Mann.
 
Som Mur du stod i Striden tung,
og var i all din Livsdag ung.
Du flaug kje til og seig so av;
men jamt du slo alt til di Grav.
 
No hev du brotet Veg fyr oss
og lært os stemna som ein Foss
i Livet fram, fyr det me trur,
um Motstand rundtikring seg krur.
 
Me legg ein Krans paa Gravi di
med denne Bøni flettad i:
Gud gjeve gamle Noreg att
sit rette Maal, den gjøymde Skatt!
                                               
O. S.