[Fraa Thrøndelag]

Fraa Thrøndelag skriv ein annan Innsendar um det same: Bruun segjer, at det norske Folket fær ikkje anda fritt, fyrr det fær open Forhandling um Fristyret og um Trui. Med Avsyn paa det siste (um Trui) meiner eg det same. Skal ein Fritenkjar vera heilt ut sann, so trur eg han lyt arbeida paa aa gjera Kristendomen til inkjes. For naar han trur, at det er berre ei Lygn, det som dei Kristne lærer um Kristus, at han var Guds Son, so maa dei vilja, at Folk skal koma ut av denne galne Ovtrui; og daa bør dei hava Mod til aa koma fram med Tankarne sine, endaa um Folk skulde verta so rædde dei, at dei kom til aa lida under det. Men paa den andre Sida trur eg ikkje, dei Kristne bør vera so rædde. Kor laak ein Fritenkjar kann vera i Trui, han er daa eit Menneske, og han kann hava stor Dugleik i andre Ting, som vedkjem det aandelege. Og kor laak han enn er, so trur eg daa, at, dersom han er ærleg, so er han betre enn ein Namnkristen elder Vanekristen, som held paa Kristendomen berre av gamal Skikk. Um eit av vaare beste Folkeblad vart Dryftestad um Trui fyr dei Kristne og dei Vantrue um det hadde Rom til slikt -, so meiner eg, at det ikkje var nokot galet, men helder til Gagn. Lat vera, at ymse, som fyrr hadde voret likesæle, daa kom til aa slaa Lag med Fritenkjararne. Eg trur likevæl, at den største Luten vart vekkt til aa tenkja meir aalvorslegt yver sin Barnelærdom. Men det maatte vera Hjarta i Kampen. Ikkje berre Kjekl. Det er væl ikkje godt aa faa detta til, og Skuld fyr det hev fulla baae Partarne. Men eg er glad yver, at det likevæl finnst Menn, som strævar paa det aa faa open Kamp, og eg vil segja desse so mange Takk fyr det. Men skal Ein faa upp ei slik Forhandling, so fær Ein ikkje vera som Hr. Lauvland og strakst døma eit Blad fyr vantruande berre det tek upp eit fritenkjande Stykkje. Eg trur Fritenkjararne er fjølgare enn me veit, og det gjeng visst ikkje fyr seg aa tigja dei ihel. Og um dei bygde seg sine eigne Talarstolar, so vart det knapt betre fyr det. Tankarne deira naadde oss nok like fullt. Slikt stengjer Ein ikkje ifraa seg.            
 
O. A.