[Notisar]

Kristiania, den 21de Novbr.
 
Storthingsval. I Risøyr er vald til Thingmann: Apotheker Hille (4 R.), til Varamenn: Sakførar Torp (3 R). Hr. Hille er Høgremann. Fyr Hr. Bjørnsgaard hadde Risøyringarne ikkje Bruk denne Gongen, men det hev hendt fyrr, at dei hev kastat honom ved det eine Valet og teket honom paa nytt att ved det andre. So vil det vonleg ganga no og. I Porsgrund er vald Skipsreidar Knudsen, likeins Høgremann, men moderat; Varamann Byfut Blom.
 
Storthingsmann Seljelid (Nordland) er framleides sjuk. Eit Bergensblad meiner, at han ikkje kjem til aa taka Sess paa Thinget i 1880. Fyrste Varamann er Handelsmann Dahl paa Hanøy.
 
Sildfiske. I Ulvsfjorden og Kjosen (Lyngen) er godt Fiske. Slaget er medels og stor Kristianiasild. I Kjosen laag 15 Novbr. 16 Farty.