Seld til den Vonde.

[Del 9 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
II.
                                     
5.
                         
(Framhald.)
 
Det gjekk Dag etter Dag; Gunhild kom og spurde etter Son sin so visst som Sol var runni paa Himmelen. Og ho spurde med slik Uro og med slik veksande Ræddhug, liksom Ein kunde tenkja seg ei Moer, som laag og skulde døy, og som ventad paa Barnet sitt fyr aa segja det Farvæl. Ho vart snard kjend i Byen ved detta; dei kallad henne Moer aat Prinsen og var ustøde paa, anten dei skulde læ aat henne elder tykkja Synd i henne. Men alle undrast dei paa, at den Slusken av ein Gateprins kunde hava ei slik Moer, og at ho ikkje hadde brytt seg um honom fyrr, naar ho var so reint paa Livet fyr honom no. Og snart hadde Byen funnet upp ei heil Soga fleire Sogur, som vart spunne ihop og vaks og vaks um denne fine, underlege Fruva. Men Gunhild visste ingenting um det; ho gjekk kvar Dag sin visse Gang til Moer Judith, spurde etter Guten sin, fekk Moer Judith til aa fortelja um Guten sin, og so gjekk ho heim att og tenkte paa Guten sin og paa si forskræmelege Synd. Men um Nætterne drøymde ho um den gamle Kyrkja og um Bladet med Blodskrifti.
           
I 17 lange Aar hadde ho gjort alt det ho kunde fyr aa døyva ned desse fæle Minne og fyr aa gløyma baade Guten sin og Ugjerningen og seg sjølv! Og i 10 Aar gjekk det, for ho kom uppi so mangt nytt; og no hadde ein fast Vilje, for ho var nøydd til aa vilja! Det gjekk i ti Aar, og det gjekk i tolv; ho forstod ikkje lenger sjølv, at ho kunde liva so reint utan Tanke; - men i det trettande tok det nye Livet til aa eldast fyr henne, og i det fjortande var ho leid av det; i det femtande kjempad ho mot sine gamle Minne som Patriarken mot Engelen; - for det nyttad ikkje aa minnast! tenkte ho, og det, ho hadde aa minnast, var so styggt, at ho fælte fyr seg sjølv, um ho tok det upp. Men i det sekstande vaks Minni seg sterkare, og fraa den Tidi var det, at den djupe Fæla, som budde i henne, vart til Sjukdom. Ho gav seg meir og meir yver i sin grufulle Tankar. Og det, som ho fyrr hadde halvveges gløymt for Barnet var hans! ikkje hennar det grodde no sterkare og sterkare fram i henne: at ho hadde ein Son. Og den Sonen maatte no vera stor, fager, - ein Son til aa elska, ein Son til aa rettleida og hjelpa, ein Son til aa liva seg ung att i! Naar ho tenkte seg inn i det, var det so ho kunde graata av Lengt, Kjærleik, barnsleg, god, rein Kjærleik, var det ho saarast trengde; all annan Kjærleik var ho trøytt av, for den hadde ho funnet svikefull og tom, ei hol, innkald Lygn; men eit Barns Elsk -! eit Barns hjartefyllte, truskyldige Elsk, - aa, sitt Liv kunde ho gjeva fyr den, fyr ei einaste Stund i Livd av den! - Kor var han? korleis hadde han det? kvat Upplæring fekk han? Og kvat tenkte han um Moer si, som i alle desse Aar . . .
           
Slik laag ho og drøymde, og so kom Minnet, det blodsprengde, andskræmelege Minnet . . . Guten var seld! Ho hadde ikkje Rett til honom; ho hadde ikkje Rett til annat enn til aa verta forbannad av honom, forbannad ut gjenom alle Ævur. -
           
I detta gjekk ho, Tid etter Tid, og so vart ho sjuk. Men ein Dag sveiv det henne som ein himmelsk, frelsande Tanke: du kunde snyta den Vonde paa den Handelen -! du kunde gjeva deg sjølv istaden, du kunde finna paa Knip . . . Aa vera uærleg mot Djevelen kann ikkje vera Synd . . . væl hev han i denne Saki voret ærleg mot deg; men so stor ein Skarv som han er hellest -! Du kunde prøva paa aa narra den Vonde! - -
           
Det vart henne i same Stundi til ei Livssak Kunde ho frelsa sin stakkars Gut ut av den Vondes Klo, so hadde ho endaa gjort eit Verk, som var Livet verdt! um ho so skulde fortapast paa det sjølv, - Herre Gud! i sjølve Helheimen maatte ho kunna kjenna seg sæl av aa minnast, at ho hadde frelst sitt eiget Barn -!
           
Ho gløymde i desse Tider, at Barnet var hans. Ho gløymde aa hata; ho hadde nok med si eigi Naud. Sviken Elsk, brotne Voner Smaating! no galdt det meir. Det galdt det siste, det siste og det fyrste, - ikkje Livet, men Sjæli, ikkje Hus og Heim, men seg sjølv!
           
Ho gjekk umbord i eit Skip fyr aa reisa heim. Og det er visst: hadde dragande Lengt og skjelvande Uro kunnat fyllt eit Segl, - so hadde ho snart voret framme. Men braadt so fort gjekk det ikkje. Dei hadde skral Vind, og stundom Modvind. Gunhild tok tilstutt den fæle Tanken at det var den Vonde, som vilde hindra henne i aa koma tidsnok fram.
           
- No var ho framme, men Guten, som ho lengtad etter so saart, og som ho vilde frelsa, - Guten kom ikkje! Den eine Tankan vaknad i henne fælare enn den andre. Hadde den Vonde fenget Rett til aa taka Sitt, fyre Tidi, fyrdi ho tenkte paa Svik? - - Moer Judith sat og glyrde paa henne med sine graae Augo og undradst paa, at ho tok det so urolegt; Gunhild maatte tvinga seg sterkt fyr aa kunna synast so roleg.
 
6.
 
Til Byen var i den Tid komen ein ung Prest, som Folk hadde svær Tiltru til. Han heitte Hr. Olaus, var ein bleik, mager Mann med tunnt raudt Skjegg og trong, sterkbyggd Panne. Dei sagde, at han var strengare i mangt enn dei eldre Prestarne, og fælt klok. Han hadde voret Kapellan i ei Landsbygd, og der hadde han vist, at han var likso væl heime i Svarteboki som i Bibelen. Det hadde spøkt sterkt i Prestegarden det var ei lang Soga um det: Banking paa Dører og Vindaugo Klokka 12, Ramling og Uleven i Tropper og Gangar -; men han hadde med ein einaste Gong fenget det stillt. Han hadde leset heile Fanteskapen ned i Jordi paa mindre enn ein halv Time. Det gjekk svært Ord um honom i Byen, og Folk saag paa honom med ein Age, som var sterkt fyllt med Rædsla.
           
Gunhild høyrde so lengje fortelja um denne Mannen, at ho ein Dag kom paa, at ho visst gjorde rett i aa tala med honom. Og ho gjekk der upp. Hr. Olaus tok imot henne med stort Aalvor; det saag ut til, at han visste um henne. Du hev visst Synder paa deg, du? sagde han.
           
Ho var ikkje van med slik Tiltale og vart tryllt ved det; endeleg svarad ho, at Synderne sine vilde ho helst gjøyma til Skriftestolen; men det var ein annan Ting, ho gjerna vilde spyrja Presten um, dersom ho fekk Lov. Og det var, um Presten trudde, at...at det gjekk an aa . . . ja . . . Presten laut orsaka, um ho spurde nokot beintfram, og underlegt . . . men, altso, aa narra . . . den Vonde -? Um det var rett, og um det leet seg gjera -? Det er ikkje fyr meg sjølv, eg spyrr, lagde ho til med urolege Fakter; men kunde eg faa eit greidt Svar, so vilde det koma meir enn væl med fyr baade meg og andre.
           
Presten stirde lengje og hardt paa henne; ho slog Augo ned og kunde ikkje sitja roleg.
           
Um det er rett -? kvesste han sistpaa i. Tvilar du paa, um det er rett aa narra den Vonde?
           
Alt vaar Arbeid, heldt han fram, og alt godt Verk i Verdi gjeng ut paa aa narra den Vonde. Det er det, me kallar godt Verk! - Den Vonde hev Rett paa oss alle; for alle er me gjenom Syndi i hans Magt, ja hans Eigedom med Sjæl og Likam. Ingenting i oss er vaart eiget; han eig det alt fraa Fødselen av. Gjenom Arvesyndi eig han oss, fyrr me kann sansa, ja i Moers Liv. Og sidan fær han dess sterkare Tak paa oss gjenom vaare eigne syndige Ord og Gjerningar. Men alt vaar Liv gjeng ut paa, lo sannt me liver retteleg, aa narra honom fyr denne Eigedomen. Alt godt, me hev fyr oss, er meint paa det, um me med Guds Hjelp kann faa smetta oss ut av hans Klør, driva oss ut av hans Fangtak. For han er sjølv berre ein ugudeleg Røvar og ein Lygnar ifraa Upphavet. Og so spyrr du, um det er rett -!
           
Men um ein hadde gjevet seg til honom, - selt seg . . .
           
Alt det same! Han er i alt sitt Verk ein Røvar og Ransmann, og den, som kjem so langt, at han gjev seg i hans Vald, honom maa han fyrst sjølv hava forført . . . Men um det læt seg gjera -? Ja det er ein annan Ting.
 
Men kunde det ikkje henda -?
 
Eg veit ikkje.
           
Um ein annan gav seg i Staden aat den Selde -?
           
Daa maatte det vera ein, som var so god og rein, at Djevelen ingen Rett hadde til honom.
           
Gunnhild bleiknad. Det hadde ho ikkje tenkt paa. Ho vart so fortryllt, at ho sagde ikkje meir, men stod upp og gjekk. Presten stod og saag etter henne, riste paa Hovudet og tenkte med seg: I henne bur det mange Aander.
                                                           
( Meir.)