(Innsendt).

Det store Verk er fullført!
           
 
So skreiv Fedraheimen No. 6. Stortinget kann ikkje draga Ministrarne til Ansvar, Kongen hev absolut Veto i Grunnlogssaker og i Bevillingssaker, og at Stortinget kann gjeva Loger, hjelper ingenting, for naar Styringi ikkje vil setja Logi i Verk, so er ho daud. Det vert ikkje stort att av Grunnlogi paa den Maaten. Og so trudde Fedraheimen, at no var det store Verket fullført!
           
 
Nei det var endaa nokot, som vantad. Grunnlogi hev me til dessa kallat fyr Grunnlogi av 17de Mai, og i detta Namnet ligg det Von og Vaartankar, og no let Kongen skjota paa 17de Mai. Slikt gjeng ikkje lenger an. So lenge me hev det gamle kjære Namnet att, kunne Folket endaa drøyma um Fridom og Grunnlog, difyr lyt Namnet forandrast. Det var det, som vantad. Smaalenenes Amtstidende hev Æra av aa vera den fyrste her. Ho skriv um Grunnlogs-Utgaava hans Otto Meilænder: Denne Udgave indeholder Grundloven af 4de November etc.
           
No fyrste er det store Verket fullført. No er ikkje so mykje som Namnet att av Grunnlogi, og no kann dei skjota so mykje dei vil paa 17de Mai.
           
Novemberpolitikken hev synt, kvat han vil.
           
Døy, Diagoras, lenger kann du ikkje koma.