[Eg gjekk ut ifraa "Fædrelandets" Referat av Hr. Heuchs Foredrag]

Eg gjekk ut ifraa Fædrelandets Referat av Hr. Heuchs Foredrag, daa eg tenkte, at det laut vera nokonlunde paalitelegt. No kann eg forstaa, at det maa ha voret reint daarlegt.
           
Men naar eit Referat vert framlagt paa Prent i offentlegt Blad, og Foredragshaldaren ikkje paa nokon Maate motsegjer elder avsannar Referatet, so gjeld det som aalmenn og rimeleg Regel, at daa hev Ein Lov til aa halda seg til Referatet. Og det er ikkje sagt at naar Ein vert upp-argad av ein galen Setning i eit slikt Referat, at Ein daa er god til aa venta med Motlegget, til dess Foredragshaldaren levnes Tid til at gjøre Manuskriptet færdigt til Trykken.
           
I dette Tilfellet brydde eg meg so mykje mindre um aa venta paa Hr. Heuchs Bok, fordi det slett ikkje var Heuch serskilt, som eg vilde skriva um. Eg var i Grunnen like sæl um baade Hr. Heuch og Foredraget hans, endaa det var det, som denne Gongen gav meg Tilføre til aa skriva. Det, som eg vilde til Livs, var den aalmenne Preste- og Rikmannslæra um, at Fatikfolk ikkje hev vondt av aa vera fatike o. s. fr., ei Læra, som ein høyrer snart sagt, kor Ein snur seg i dette Prestesamfundet, og som daa bl. a. og kom fram hjaa Hr. Heuch. Og den Læra hev eg lengje havt eit godt Auga til: for det er meir enn ein Dag sidan eg kom etter, at ho er baade hjartelaus, usann og forderveleg. Eg hev emnat paa eit Stykkje fyrr um den Saki, men daa fekk eg ikkje Stunder til aa gjera det ferdigt; no daa eg fekk sjaa den same Leksa uppatt hjaa Heuch, kunde eg ikkje tigja lenger.
           
Eg veit dessutan, at Hr. Heuch er ein av dei verste til aa bruka denne i seg sjølv ravgalne Læra til politiskt Vaapen, d. e. til Vaapen mot Fridomsarbeidet, som just hev til Formaal aa gjera alt som gjerast kann for aa hjelpa dei arme og nedtrykte upp. Tak ikkje Hjelp av dei liberale, for dei gjev Dykk berre utvortes Hjelp; vend Dykk helder til oss; for me gjev Dykk den sanne Hjelpi, alt um me kanskje i det utvortes læt Dykk hava det som fyrr! for det er ikkje det utvortes det kjem an paa! So paa Lag lyder Leksa, og daa vert ho endaa styggare enn ho var. Sanningi er, at vil Ein reisa Fatikfolk moralsk, maa Ein just taka til med det utvortes. Den kristne Missionæren Livingstone sagde eingong, at Ein skulde umvenda Heidningarne med Bomull, og det ber innpaa same Tanken. Eg trur, at Livingstone var likso god Kristen og likso stor Sjælekjennar som Presten Heuch.
           
Eg hev korkje sagt elder meint, at Heuch var ein hjartelaus Mann, det er Læra, som er hjartelaus. Um Heuch personleg hev eg høyrt, at han skal vera snild og god mot dei Fatike. Fekk han raa seg som han vilde, so gav han gjerna burt alt det han tente, er det sagt, so det er visst ingen Ting aa segja paa Mannen i so Maate. Men det vedkjem ikkje Saki. Det, det her spyrst um, er kva Maate Ein skal fara aat for aa gjeva Fatikdomen varig Hjelp, og ei Hjelp, som paa same Tid kann reisa dei moralskt, - og daa trur eg ikkje, at me skal gaa til Menn av Heuchs Beskaffenhed for aa faa gode Raader.
 
G.