[Ein kan gjera ein Skjelm og ein Urett.]

Ein kann gjera ein Skjelm og Urett. I Stykket Budgettet 1881-82 i f. No. stod, at Regjeringi no hev funnet paa, at dei Pengarne, som Embættsmenn betalar for Bestallingarne sine, ikkje lenger skal gaa i Rikskassa, men til eit Fond for Embedsmænds Enker og Børn. Dette var eit Mistak. Det er ikkje i Aar, dette er paafunnet; det hev voret so fyrr og. So det er altso ikkje Selmers Regjering serskilt, som hev Skyldi for dette. Rett lyt vera Rett; Selmers Regjering hev daa og nok med sine eigne Synder, um ho ikkje skal bera framande Synder med.
           
Det einaste Ein kann segja um Selmers Regjering i denne Saki er, at i ei so pengeknap Tid for Riket, som denne er, burde ho dersom ho hadde Tanke for Landet - gjera Forslag um at dei her ummælte Pengarne for dette Aaret kunde gaa i Rikskassa og ikkje til Enkjefondet. For naar heile Landet lid Naud, so skulde ikkje Embættsstanden vera for god til aa lida litt med. Kanskje naar Ein tok inn alle dei Inntekterne, Ein kunde faa, og sparte so mykje paa Utgifterne som Raad var, so kunde Ein sleppa aa leggja paa nye Skattar! - Men kom ikkje til Selmers Regjering med slikt. Ho hev nok annat aa tenkja paa enn paa Landsbaten.