Sogur fraa Island.

[Del 7 av 10. Fyrste delen]
 
(Fritt fortalt etter Øyrbyggjasoga).
                                     
III.
           
Torleiv Kimbe 1) tingad seg Yverferd fraa Island til Norig um Sumaren med nokre norske Kaupmenner, og han var i Matlag ihop med Styremennerne. Kaupmennerne hadde fyr Skikk i den Tidi, at dei hadde inkje Kokkar, men dei, som høyrde til same Matlaget, kastad Lodd um, kven som skulde laga Maten til kvar Dag. Heile Mannskapet hadde Drekke ihop, og det skulde standa eit Kjer attved Masti, som Drekket var i, og det var Lok yver Kjeret, og nokot av Drekket hadde dei i Tunnur og hellte upp i Kjeret, etter kvart som dei drakk av det. Daa dei var mest seglbudde, kom der ein Mann, som het Arnbjørn og bad um aa faa vera med, og det fekk han, men han skulde vera Matlag fyr seg sjølv, og koka framme i Skuta. Dei hadde ei lett Yverferd og tok Land paa eit Utskjer i Hordaland, og der lagad dei Maten paa Land. Torleiv Kimbe skulde laga Maten den Dagen, og han skulde koka Graut. Arnbjørn var paa Land og kokad seg Graut, og han hadde Kjetelen, som Torleiv Kimbe skulde hava sidan. Daa gjekk Torleiv paa Land og bad Arnbjørn gjeva seg Kjetelen, men han hadde inkje stampat Grauten sin endaa, og han sat paa Huk og rørde i Grauten, og Torleiv stod yver han. Daa ropte Nordmennerne fraa Skipet, at Torleiv skulde laga Maten, og sagde det var godt aa sjaa, han var Islending, so god Tid, som han gav seg. Daa vart Torleiv braadsinnad og tok Kjetelen og slo ut Grauten, og dermed gjekk han sin Veg. Arnbjørn heldt i Tvora og slo med den etter Torleiv og raakad han i Halsen. Det var inkje stort Hogget, men med di at Grauten var heit, so brende Torleiv seg paa Halsen. Daa sagde Torleiv: Daa me tvo er Samlendingar, so skal inkje Nordmennerne faa det aa læ aat, at dei ertar oss paa kvarandre liksom Hundar, men me skal minnast detta, naar me er paa Island. Arnbjørn svarad inkje. Torleiv Kimbe var 2 Vetrar i Norig, og so for han attende til Island. Same Sumaren kom Arnbjørn og attende og busette seg paa Bakke i Hraunhovn Vaaren etter. Bror hans het Bjørn Breidviking- Kjempa og budde eit Stykke fraa. Same Vaaren fridde Torleiv Kimbe paa Torsnes-Tinget til Helga Torlaksdotter paa Øyr, Syster hans Steintor paa Øyr, Helga hadde 4 Brødrar, Steintor, Bergtor, Tormod og Tord Blig, og desse kallad dei Øyrbygger. Tormod var gift med Torgerd Torbrandsdotter, som var Syster til Torbrands-Sønerne, Torleiv Kimbe, Snorre, Torodd, Torfinn og Tormod. Tormod Torlaksson vilde gjerne gjeva Torleiv Kimbe Syster si, men Steintor svarad seint paa det og viste Saki til Brødrarne sine, og daa spurde dei Tord Blig. Men daa Saki kom fyr honom, svarad han so: Eg vil inkje skjota denne Saki til andre Menner, for her kann eg segja beint fram, kvat eg vil. Det kann eg segja deg, Torleiv Kimbe, at fyrr skal dei Brandsaari gro att, som du fekk paa Halsen, daa Arnbjørn slo til deg med Graut-Tvora i Norig fyr tri Aar sidan, enn eg vil gifta Syster mi med deg. Torleiv svarad: Eg veit inkje, kor langt eg kjem i den Saki, men anten det vert hemnt elder inkje, so skulde eg ynskja, at du fekk eit Slag, fyrr tri Aar er gjengne. Tord svarar: Urædd sit eg fyr dine Trugsmaal. Morgonen etter hadde dei Torvleik 2) ved Budi til Torbrands-Sønerne, og daa gjekk Torlaks-Sønerne framum, og daa dei var tett ved, flaug det ei diger Sandtorva og kom under Nakken paa Tord Blig, og ho raakad han so hardt, at han stupte rundt med Beini yver Hovudet. Daa han stod upp, saag han, at Torbrands-Sønerne log fælt aat han, og daa snudde Torlaks-Sønerne radt og drog Sverdi, og so sette dei paa kvarandre, og det bar radt til aa slaast. Nokre vardt saarad, men ingen fall. Steintor hadde inkje voret med; han hadde talat med Snorre Gode. Men daa dei vart skilde, kom det Forlik i Stand paa den Maaten, at Snorre og Steintor skulde vera Skilsmenner (Voldgiftsmænd), og daa vart Yverfallet og Saari liknat ihoppaa baade Sidur, og Skilnaden vart utjamnat med Bøter, og daa dei reid heim, var alle forlikte, aa kalla.
           
Denne Sumaren kom det eit Skip i Hraunhavnaros og eit i Dogurdarnes. Snorre Gode reid til Skipet i Hraunhovn og reid heimantil med 14 Mann 3) . Men daa dei kom sør yver Heidi i Duvgusdal, reid det 6 Mann etter dei, fullt væpnad, og det var Torbrands-Sønerne. Snorre spurde kor dei hadde ætlat seg av, og dei sagde, at dei skulde fara til Skipet i Hraunhavnaros. Snorre sagde, at han skulde utretta Ærendet fyr dei, og bad dei fara heim og inkje apa seg inn paa Folk: det skulde inkje stort til, sagde han, naar Folk møttest, som det var Uvenskap paa fyrr. Torleiv Kimbe svarad: Det skal aldri spyrjast, att me inkje tore rida gjenom Grendi fyr dei Breddvikingarne. Arnbjørn og Bjørn, men du kann godt rida heim, soframt du inkje tore rida din Veg fram, endaa du hev Ærend. Snorre svarad inkje. Men daa dei kom mest ut aat Hraunhavnarosen, reid Torbrands-Sønerne fraa dei upp aat Bakke, og daa dei kom til Garden sprang dei av Hestarne og tenkte aa ganga inn, men dei kunne inkje faa brotet upp Døri. Daa sprang dei upp paa Husi og tok til aa riva dei ner. Arnbjørn tok Vaapni sine og varde seg innafyr og stakk ut gjenom Taket, og daa kom dei i Berrhogget. Detta var tidleg um Morgonen, og det var klaart Veer. Denne Morgonen hadde hine Breidvikingarne stadet tidleg upp og var meint paa aa rida til Skipet; men daa dei kom eit Stykke paa Vegen, saag dei, at det var ein Mann i fine Klæde paa Huset uppe paa Bakke, og dei merkad, at detta var inkje Bunaden hans Arnbjørn, for han var aldri so fint klædd. Daa tok Bjørn og hine paa og reid fort og tok Vegen upp til Bakke. Men daa Snorre Gode merkad, at Torbrands-Sønerne hadde ridet fraa han, reid han etter dei, og daa desse kom til Bakke, heldt Torbrands-Sønerne paa det meste dei kunne aa riva Husi. Daa bad Snorre dei fara burt og inkje gjera Ufred, og av di dei inkje hadde sloppet inn, gav dei upp Yverfallet og reid sidan til Skipet med Snorre. Bjørn baud Arnbjørn, at dei skulde rida etter Snorre og hine, men Arnbjørn vilde inkje, og sagde at no skulde kvar hava det, han hadde fenget. Etter detta likad Torbrands-Sønerne seg verre enn fyrr. No tok det til aa lida ut paa Hausten.
           
Torbrand Bonde i Aalftafjorden hadde ein Træl, som het Egil Sterke; han var ein utifraa stor og sterk Mann og var misnøgd med Lagnaden sin, daa han berre var Træl, og han bad jamleg Torbrand og Sønerne hans, at dei skulde gjeva han fri, og baud seg til aa gjera alt det han kunne, um dei vilde det. Det var ein Kveld, som Egil gjekk etter Sauderne i Aalftafjorden ut til Borgardal, og daa det leid paa Kvelden, saag han, at ein Ørn flaug vestantil yver Fjorden. Ein stor Revehund var med Egil, og Ørnen slo ned paa Hunden og tok han i Klørne sine og flaug vest att yver Fjorden til Steinrøysi hans Torolv Bøgefot og kom burt der under Fjellet. Torbrand sagde, at detta Synet nok varslad nokot. Breidvikingarne hadde fyrr Skikk um Haustarne, at dei hadde Knattleik 4) ved Veternatss-Leite under Oksli sunnanfyr Garden Knørr; der heiter det sidan Leikskaale-Vollarne. Hit kom der Folk fraa heile Bygdi. Dei hadde bygt seg store Leikskaalar, som dei budde i, medan Leiken stod paa, og dei nistad seg ut heimantil og var der ein halv Maanad elder lenger. I den Tid var det fullt upp av gasta Karar i Bygdi, og Bygdi var stor, og dei fleste yngre Mennerne var med i Leiken so nær som Tord Blig; han kunne inkje vera med, av di han tok det for heitt, men han var inkje so sterk, at han inkje kunne vera med fyr den Saks Skuld. Han sat paa ein Stol og saag paa Leiken. Brødrarne Bjørn og Arnbjørn var so sterke, at Folk totte inkje dei tvo høvde til aa vera med, mindre dei leikad ihop dei tvo sjølve. Denne same hausten snakkad Torbrands-Sønerne med Egil, Trælen sin, um at han skulde fara ut, der som dei hadde Knattleiken, og drepa einkvar av Breidvikingarne, Bjørn elder Tord elder Arnbjørn, paa einkvar Maaten, og sidan skulde dei gjeva han fri. Sume segjer, at det var Snorre Gode, som talde til det, og at han hadde sagt fyre, korleids Egil skulde fara aat, at han skulde freista, um han kunne lura seg inn i Skaalen og so prøva paa aa koma einkvar tillivs og han skulde ganga ner det Skardet, som er upp fraa Leikskaalarne, naar dei hadde gjort upp Verme til aa koka Maten, fyr di Snorre sagde, at det var fyr det meste slik med Veerlaget der, at um Kveldarne stod Vinden inn fraa Havet, og daa bar Røyken upp i Skardet, og der uppe skulde Egil bida, til Røyken fyllte Skardet. Egil gav seg paa Vegen og for fyrst ut um Fjordarne og spurde etter Sauderne til Aalftafjord-Folket og let som han for paa Saudeleit. Men medan han var paa denne Ferdi, skulde Frøystein Bove gjæta Sauderne i Aalftafjorden. Um Kvelden, daa Egil var faren heimantil, gjekk Frøystein etter Sauderne vest yver Aai, og daa han kom paa ei Skrida, som dei kallar Gjeirvor, som gjeng ned vestanfyr Aai, daa saag han eit Mannehovud, som var laust og berrt. Hovudet kvad denne Visestubben:
           
Gjeivor ryk
av raude Manne-Bldo,
ho skal hylja
Hausar mange.
 
Han fortalde detta til Torbrand, og han totte det saag ut til, at no skulde det henda eitkvart.
                                   
( Meir.)
 
1) Sjaa Fedraheimen fyr 1880, No. 52.
 
2) Korleids denne Leiken var, veit me ingenting um.
 
3) Snorre Gode, som var Hovdingen i Bygdi, hadde Rett til fyrst aa spyrja Mannskapet um Tidender og taka ut dei beste Varurne aat seg og setja Takst paa alle Varurne.
 
4)