[Gjenom Fedraheimens Redaktion...]

Gjenom Fedraheimens Redaktion er no tilsendt Ivar Mortenson ei liti Gaava fraa nokre av hans Kjenningar her uppe i Telemarki. Det er ei Knivgreida, arbeidd av Treskjerar Asbjørn Hylland.
           
Ivar Mortenson vart godt kjend og godt likad, daa han var her, og daa me høyrde um det, som var hendt honom paa Graatenmoen, totte me, at me burde syna vaar Samhug med han. Paa eit Fesjaa paa Mogen i Haust vart det skotet saman Pengar til ei Gaava til han.
Me tenkte daa, at ei fint utskori Knivgreida fraa Telemarki vilde høve godt. Eg bed dei, som skaut inn Pengar um Aarsaking fordi det tok so lang Tid, fyrr ho vart ferdig. Torkel Oftelid.