[Notisar]

Rettingar. I f. No. S. 1, Bolk 2, stend: 3 Aar hev Statsrevisionen, les: Iaar hev Statsrevisionen. Lenger nede i same Bolken: Satens Gangverk, les: Statengs Gongverk. S. 1 Bolk 4: naar ein aalmenneleg Mann grans kad, les granskar. S. 2, Bolk 1: Saki vert direkte framlagd for Protokolkomiteen, les: Saki vert deretter framlagd -, o. fl. (Stykket Fraa Thinget II var skrivet 8-14 Dagar fyrr det kom i Bladet; Ymist godt Arbeid derimot i same Vika. Det er i mange Maatar ille, at Bladet vert prentat paa ein annan Stad enn der Redaktionen er; men no skal det daa, som væl er, snart verta slutt med dette).
 
           
Kristiania, den 25de Mars.
 
Odelsthinget hev halde paa med Utskiftingslog fraa om Laurdagen til no om Torsdagen. I denne Logi er alt om Utskiftingi samla i Hop. Og so er det ymse Brigde. Utskiftingsretten fær soleids i fleire Stykkje meir Magt, det vert lettare aa faa utløyst Bruksrett o. m.
           
Nokre andre Smaalogjer er au vedtekne, om Omskriving til metrisk Maal og Vigt, om Innløysning av Ølretter og om Hav-Fisket i Trondheimsfylki.
 
           
Byarne. Det hev voret utsett eit Ord um, at ein av dei større Byarne vaare, som fyrr hev voret nokonlunde liberal, i seinare Tid skulde ha svingat yver til Høgre. Fraa den Byen vert no telegraferat:
 
Stillingen uforandret. Venstrestemningen fæster sig mer og mer. Friskt Mod!
 
           
Heradsstyret i Tysnes telegraferar til Storthingspræsidenten og protesterar mod Storthingsmajoritetens Eneraadighed over Grundloven, 9de Juni-Beslutning og i det hele Magtbegjær-Tendents (sic!). Tilslutning til Aschehougs Politik. Det er mest Synd at Tysnesbuen ikkje fær prøva Aschehougs Politikk ei Stund! Det vilde han visst hava fælande godt av.
 
           
So talar Budstikken: I 1814 den 14de August var Ugyldigheden af Grundloven af 17de Mai erkjendt baade av Nordmennerne og Karl Johan. Karl XIII tok Landet (i Kraft av Kielertraktaten) som tilgivende Suveræn, men som retmæssig Suveræn. - Tror noget Menneske, at Nordmændene i 1814 havde gaaet ind paa Foreningen med Sverig og Antagelsen af Carl XIII og hans adopterede Dynasti som Konge, hvis det ikke var fordi han havde Kielertraktaten at paaberaabe sig?
           
- Det gjeng ut yver alle Merkje no med Trælehugen og Forvendingi av Norigs Soga. Held Novembermennerne fram slik, so vil det snart vera ei Skam aa vera Nordmann.
 
           
Fædrelandet tigg etter Veto-Adressur. Dei Konservative lyt taka seg Mod(! jau, dei plar vera blyge, dei Kararne!) og slaa seg ihop aa visa, at dei hev ei Meining!
           
- Det er leidt for Fædrel, at det skal tigga og agitera etter slike Adressur. Slike Adressur hev berre Verd, naar dei kjem av seg sjølv, utan Uppmaningar elder Uppegling!
           
Men stakkars dei Konservative, - dei fær nok sjeldan Adressur utan paa Komando elder ved Agitasjon. Byplebicitet til Stang og Flagg-staaket viser det.
           
Difor hev daa og dei Konservative funnet upp den kjende Faatalslæra, som gjeng ut paa at Folkemeiningi ikkje hev nokot aa segja. Kva vil so dei Konservative med Adressur?
           
- Aa, Naturen gjeng yver Læra. Det kan vera væl nok med den Faatalsvisdomen; men kunde Ein vinna Folkemeiningi, so var det fulla betre!
 
           
Østgøta Correspondenten, styrd av den gamle Skalden C. F. Ridderstad, fortel, at det er greidt, at den norske Kongen maa hava Veto i Grunnlovsaker, naar den amerikanske og franske Præsidenten hev det!
           
- For det fyrste er nok ikkje det so greidt. Og for det andre: dersom Hr. C. F. Ridderstad gjev oss ein Præsident i Staden for ein Konge, so er det visst ingen Ting i Vegen for, at denne norske Præsidenten og kann faa Veto i Grunnlovsaker!
           
Men - han maa faa det. Han fær ikkje prøva paa aa fortolka det til seg.
 
           
Grunnlovfortolkarar i Provinsen. I ein ørliten By er det ein ørliten Grunnlovtolkar, som skriv seg for Jens Schaaning. Han veit plent det same som det som stend i Budstikken, korkje meir elder mindre, og han tek alt med, baade det, som er Meining i, og det som vitterleg er meiningslaust. At han ikkje kjenner Thinget i 1815 og 1818 er sjølvsagt, og at han set ei Adresse i 1824 yver eit formelegt Storthingsvedtak i 1814 (og i 1880), det segjer seg sjølv. Men naar han fortel, at Kongen hev Veto i Bevilgningssaker, og at det ingenting kann gjera at Regjeringi mot Grunnlovens klaare Ord hev indhentet Kongens Resolution efterat Storthinget er hævet (med Storthingets stilti- ende Samtykke! segjer Mannen) daa vert han oss hosta ram. Regjeringi hev altso etter dette gjenom heile vaar Fridomstid gjort Grunnlovsbrot kvart einaste Aar, og Storthinget hev tagt og samtykt! -
- Det er Folk av dette Slaget, som vil hava Navn av Grunnlogpartiet. Hr. Jens Schaanings Visdom stend aa lesa i Tvedestrandsposten.
 
 
- I eit Provinsblad skriv ein Innsendar um, kor underlegt og urigtigt det er, at det liberale Parti kan benytte Grundlovens bestemte Ord om, at Kongen har absolut Veto, til Bevis for det modsatte.
 
- Slikt vaagar Novemberkararne aa bjoda Godtfolk uti i Provinsen!
 
 
Kongen er no friskare, Kronprinsen er vorten Regent.