Amerikabrev

(til ”Fedrh.”)
                                   
 
Februar 1881.
 
Hr. Bladstyrar! Her hev vore ein hard Vinter, hardare enn han hev vore paa lengje. Det er ikkje anna enn Snøstorm paa Snøstorm, og det fyk ihop Fenner, som er reint bisnelege. Ikkje eingong dei sterke Eimhestarne kann klara dei utpaa Præriarne, No i ei 14 Dagars Tid hev ei heil Mengd av Træn stae fast i Snøen. Paa eit av dei var Bjørnstjerne Bjørnson med. Han skulde halda Foredrag i Decorah, men kom ikkje lenger enn til Nora Spring; der køyrde dei seg fast i ein Snøskavl. Det var kome mange til Decorah for aa høyra paa han; men dei kom leidt uti det; ikkje fekk dei høyra Bjørnson, og ikkje kunde dei sleppa utor Byen att; for Træni kunde ikkje koma fram.
           
Ja, du kann tru her er Røre um Bjørnson no. Folk er plent uppifraa etter aa høyra han, og vert som uppglødde, naar dei høyrer’n. Dei er ”all igjenom Øyra”, so lengje han talar, og so snart han stansar litt for aa draga Pusten, so bryt det fram ein Storm av Samtykke, av Klapping og Tramping, so Ein kan tenkja at Husi vil ramla ned. Men endaa Folk er so glade i han, at dei reiser lange Vegjer for aa høyra han, so fær han ikkje vera i Fred for Motstandsmenn. Han vert forfylgd – av paa Lag same Folki her som heime. Det er Prestarne, dei same som var so glade i Kr. Janson og baud han heim til seg som Gjest, men som no kallar han ”Fritenkjar”, ”Kristusfornegtar”, ”Heidning” o. s. b., etter at han sagde dei Sanningi, daa han hadde lært dei aa kjenna. Desse Kararne kved no same Visa um Bjørnson. Ein Prest skreiv eit Stykkje i ”Norden” og sa, at Folk maatte ikkje høyra han. Høyrer du Foredragje hans um Profetarne og klappar til det, so er det ”den nedrigste Fornegtelse af Kristus”, fordi Bjørnson segjer, at den nyare Tidi hev gjort slike Uppdagingar, at det maa væra tvillaust, at sume av Bøkerne i Bibelen ikkje er ægte. ”En stor Langmodighed af Gud var det, at han ikke lod Helvede aabne sit Gab og sluge dem midt under Latteren og Bifaldet”, osb. osb. At Bjørnson ”ikkje er i Sanning” fær Ein naturligvis og høyra. For Bjørnson segjer i Foredrage, at han ikkje hev tekje paa den kristne Trui i seg sjølv; men Presten meiner, at det hev han just gjort, og det ”plumpt” dertil. Andre, som hev høyrt Bjørnson, segjer no noko anna. Dei segjer, at er nokon sann og ærleg og segjer det han meiner, so maa det vera Bjørnson. Og eg trur ikkje, Presten fær Folk til aa tru noko anna.
           
Seinare hev ein annan Prest – ein gamall ein – skrive eit Stykkje i ”Evangelisk-luthersk Kirketidende” – Organe for Prestarne her – og fare fram paa same Visi. Meiningi med Foredrage er, segjer han, aa faa Folk til aa fornegta Kristus. Naar Bjørnson talar um Politik, so avtek han alle dei Gudsord, som handlar um Raadsmagti (Øvrigheden) og spottar med det, som Gud hev lært oss aa agta og vyrda, og naar han talar um Profetarne, daa ”slær han Kristus like i Andlite og segjer ’tvi deg’!” O. s. fr. - Heve du høyrt Maken, at ein Prestvil innbilla Amerikanarar, at den, som er imot Kongedøme, er imot Gud! – Jau der skal han koma langt. Og i det heile vil nok Folk bry seg lite um det han segjer um Bjørnson; for dei veit, at han aldrig hev høyrt eit Foredrag av Bjørnson. Han er av dei, som paa Fyrehaand hev avgjort med seg sjølve, at dei vil vera hans Motstandarar.
           
Her er nok av Fritenkjarar her, som gjeng fram paa ein annan Maate enn Bjørnson. Kvi lyfter Prestarne ikkje si Røyst mot dei? Er det berre den store Forkynnaren av eit nytt Livssyn, han, som krev Sanning og Ærlegdom av dei, - er det berre han dei hatar?
           
Kvi læt dei ikkje alle, som vil, fritt høyra Motstandaren deira, og so kunde dei sjølve stiga fram etterpaa og visa klaart og greidt, at Motstandaren foor med Fjas og Lygn? - Kann du ikkje det, so preikar dei sjølve imot Sanningi.         
 
XX.