Brevsending.

Stavangerkanten 14de Marts 1881.
 
I Høyland paa Jaren hev det voret haldet fleire Folkemøte i Vinter, som du væl hev høyrt. Den politiske Situasjonen hev voret dryftad, og det rett aalvorlegt; for her er baade reine Eidsvollsmenn og reine Novembermenn. No skulde dei i siste Møte røysta yver ein Takk-Adresse til Mennerne fraa den 9de Juni. Ordstyraren, Sakførar Oftedal, forklarad daa, kva det var, Statsmagterne striddest um, og kva det var, Mennerne av 9de Juni hadde gjort: slegjet fast Folkets Rett yver Grunnloven.
           
Fraa Høgre vart framhaldet, at Bonden ikkje var Kar til aa tyda Grunnloven; det laag for høgt for han. Det vart sagt um gamle Ueland og det, at han ikkje forstod seg paa Logsaker, svarad Oftedal til dette. Det var eingong, Ueland var sjuk; so kom Futen - det var ein gudeleg Mann og vilde sjaa um han. So segjer Futen: Du Ueland! naar du no kjem inn i Storthinget att, so maa du endeleg ikkje leggja deg uti Lovgjevningsarbeidet, for det forstend du deg ikkje paa! Denne Visa um, at Bonden ikkje forstod seg paa Politikk, var gamal og utbrukt.
           
Lenger ut i Møtet vart det ordat innpaa um, at Grunnloven nok ikkje just var framkomen so fritt, at Karl Johan og Svensken nok og hadde havt eit Ord i Laget o. s. fr. Til Svar paa dette vart uppleset Ord og Uttalar fraa fleire av dei Mennerne i 1814, som var med paa aa avtala Samfestet med Sverig; - og dei Ordi tydde nok ikkje paa det, at Nordmennerne i 1814 hadde latet seg segja av Svensken! Anten Grunnloven av 17de Mai og Norigs nasjonale Rett ukrenkt, elder so Krig til siste Mann! so talar Mennerne i 1814 med Karl Johan og hans svenske Bajonettar ikring Øyro paa seg.
           
Til Møtet var samlat mange Folk; daa det leid frampaa Kvelden, so langveges Folk laut tenkja paa Heimvegjen bad dei um aa faa røysta yver Adressen. Men Novembermennerne hadde endaa so annt med aa beda um Ordet, so det reint saag ut til, - anten at dei hadde spart upp Visdomen sin til slutt, elder og at dei vilde trøytta Folk ut, so dei gjekk, fyrr det kom til Avrøysting. For det saag ut til, at dei liberale var dei sterkaste.
           
Med yver 100 Røyster mot 9 vart slik Adresse vedtekjen: En større For-Forsamling paa Gan  Høyland bringer Storhingsmajoriteten af 9de Juni hjertelig Tak for dens kjække og fædrelandssindede Holdning ved at værne om Grundloven til Besvarelse af vor Frihed og Selvstændighed. Særlig takkes Storthingspræsident Sverdrup for hans ufortrødne Arbeide til Folkets Vel, og ønskes snarlig Helbredelse.
           
- Her hev voret ein uvanleg streng Vinter, so det skal vera vandt aa minnast Maken. Det er og sjeldan det spyrst, at Folk frys ihel paa desse Kantar; men i Aar hev det hendt. No sist Maandag var ein Arbeidsmann ute og ferdast og hadde Son sin med seg. Daa Guten vart trøytt av aa gaa i Snø og Vind, tok Mannen han paa Ryggen. Men Snøfoket vart so tjukkt, at han foor villt, og daa han hadde gjenget og kavat langt um lengje, sansad han, at Guten var stivfrosen. Utmødd som han var, og forstøkkt som ein kann vita han vart, lagde han Guten fraa seg. Han fann endeleg fram til Folk og fekk Hjelp med etter Guten; men der var naturlegvis ikkje Tanke um Liv daa lenger.
 
- h.