Den nye Herskipnaden

etter Forslaget til Sverdrup og Hjorth nyttar, etter Militærkomiteens Meining, paa beste og billigaste Maaten dei Forsvarsemni, som den aalmenne Værnepligt skapar. Han gjev Landeværnet og Landstormen dei same Vaapen og det same Skapet som Lina, soleids at dei vert ein sterk og god Hjelpeher. Ingen av dei uppøvde Emne gjeng til Spilles medi alle fær Rom i Kadrene.
           
Den nye Skipnaden skil seg mest ut fraa den gamle i fylgjande Stykke: Soldatskularne vert, som fyrr nemnt, stuttare enn no. Ingeniørarne, som no berre er eit Korps Officerar utan Mannskap, fær ein heil og fast Skipnad, med Mannskap o. s. v. Dei dyre leigde (gevorbne) Soldatarne vert so godt som avskaffad. Trænet og Lækjarstellet fær ein fast Skipnad. Underofficersskularne skal som no ved Artilleriet og Ingeniørarne vara i tri og ved dei andre Vaapen i tvo Aar. Soldatklassen som gjeng fyre Sersjantskulen ved dei Vaapen, som seinst er nemnde, vert avskaffad, daa dei trur, at ein kann gjera Reikning paa slik Tilgang til desse Skularne, at ein paa Forhand kan krevja ymse Forkunnskapar. Korporalarne skal upplærast under Rekrutskulen og Emni takast millom dei hagaste Unggutom. Istadenfor som no aa krevja Studentereksamen av dei, som vil verta Offiserar utan fast Løn, sett Komiteen upp Middelskuleeksamen elder Sersjanteksamen. Skuletidi vert her 6 Maanadar. Det vert serskilde Skular for dei serskilde Vaapn. Krigsskulen vert paa Lag som no, men tvoaarig istadenfor triaarig. Den militær Høgskulen er no triaarig, istadenfor detta vil Komiteen, at Skulen skal greina seg ut i tri tvoaarige Greiner, ei for kvar Lærdomen (Generalstab, Artilleri og Ingeniørfag). I Lina vert det mest faste Befalingsmenner, i Landevernet baade faste og værnepliktige, og i Landstormen berre værnepliktige.
           
Dei vanlege Her-Utgivterna vil etter den nye Herskipnaden verta paa Lag 5,620,000 Krunor. Ifjor bevilgde Storthinget 6,145,950 Kr. Iaar hev Regjeringi kravt 6,650,000 Kr.
           
Den nye Skipnaden vil soleids kosta Statskassa paa Lag det same som den noverande, men so vil me for dei same Pengarne faa ein so myket betre, sterkare og større Her en no.