Kor er Justitsdepartementet?

Eit av tvo, meiner Morgenbladet: vil ikkje Storthinget gjeva seg godviljugt, so maa og skal det tvingast til aa gjeva seg. Fridomen skal tynast.
           
Aa bruka Trugsmaal mot Norigs Rikes Storthing, bruka Trugsmaal mot det for aa faa det til aa bøygja sine Meiningar elder vika av fraa den Vegen, som det held for den rette til Landsens Framgang og Frelse, - kva heiter det? og kor høyrer det heime?
           
Dersom Fedraheimen vilde segja som so: Eit av tvo, vil ikkje Kongemagti gjeva seg, so gjer Folket Revolusjon! so vart Fedrh. sett under Tiltale. Kva gjer Departementet med Morgenbladet, naar det i mest likeframme Ord hotar Thinget med Ufred?
           
- Dersom Fedraheimen vilde segja som so: Kongen tenkjer paa aa gjera Statskup, - so kom Fedrh. i Naudi. Og det med god Grunn. For det maa vera uloglegt aa skulda Kongen for aa tenkja paa Logbrot og Landsvik. Kva gjer Justitsdepartementet med Morgenbladet, som i mest likeframme Ord segjer, at Kongen (elder Statsraadarne) tenkjer paa Statskup?
           
 
Grunnlogi § 85 segjer:
           
Den, der adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Storthingets Frihed og Sikkerhed, gjør sig derved skyldig i Forræderi mod Fædrelandet.
           
- Fedrarne i 1814 kunde ikkje tenkja ein sovoren Tanke som at nokon Nordmann sjølv skulde vilja gjera Storthinget Mein. Fedrarne i 1814 tenkte berre paa den svenske Kongen; honom var dei rædde; mot honom galdt det aa tryggja seg. Difor sagde dei: hvo som adlyder en Befaling-. Dei tenkte med seg, at um Kongen aldri so gjerna vilde Storthinget til Livs, so vilde han ingen Veg koma, naar han ingen fekk til aa hjelpa seg. Og ingen vilde væl hjelpa Kongen med slikt Arbeid, naar han visste, at han dermed gjorde seg til Fedrelandssvikar.
           
No ser det ut til, at me er komne so langt, at me hev Menn, som utan Kongepaalegg er istand til aa vilja forstyrre Storthingets Frihed. Men er den ein Landssvikar, som berre lyder annan Manns Paalegg um aa ufreda Storthinget, - kva er so den, som sjølv vaagar eit sovoret Verk?
           
- Kriminalloven § 25 samanført med § 24 segjer:
           
Truer Nogen Storthinget. . . med Vold i Hensigt enten at forstyrre dets Sammenkomster eller Friheden i dets Overlægninger, ansees han med Strafarbeide i 4de Grad.
           
- Den, som segjer: eit av tvo, anten gjev Storthinget upp sine Meiningar og sin eigen Vilje og bøygjer seg under Kongens Meiningar og Vilje, elder so kjem her Følger, hvorfra den Almægtige bevare os, - er ikkje han mogjen for Justitsen?
 
           
Med smaa Midler
 
vinn Ein ikkje fram, meinte Johan Sverdrup.
           
Nei, ikkje med Smaa-Raader aaleine.
           
Men naar Ein hev med so smaa Folk aa gjera som Selmers Regjering, so lyt Ein visst taka Smaa Raaderne med.
           
Ein maa slaa Folk med deira eigne Vaapen.
           
Aa føra stor Politikk stor Politikk aaleine - mot Selmer og hans Menn vilde lite nytta, for Selmer og hans Menn forstend ikkje det, som er stort. Dei vilde segja som Peer Gynt: Smerten er jo dog kun moralsk, - og sitja like tryggt. For moralsk Smerte bit ikkje stort paa slike Naturar. Nei, det maa hava det so, at dei kann kjenna Svien etter Synderne sine; daa kann det henda, dei tek Vit til seg og gjer Bot.
           
 
Er det ikkje rart,
 
at det berre er Storthinget, som skal vera høimodigt (elder stortenkt)? Men so vil dei hava det.
           
Thinget skal vera stortenkt, - altid stortenkt, d. v. s.: det skal elska sine Fiendar meir enn seg sjølv, og naar det hev Magti, skal det ikkje bruka henne.
           
Derimot Regjeringi? Der er ingen som krev slikt av henne.
           
Og ho fer daa helder ikkje med slikt. Ho elskar paa god politisk Vis alle, men mest Troens egne, - og ho brukar Magti baade naar ho hev henne og naar ho hellest ser seg Kans til det.
           
- Men Thinget skal vera stortenkt.
           
Den vise gjev etter, segjer Morgenbladet, naar det talar til Thinget. Det gjeld aa ikkje gjeva seg! segjer same Bladet, naar det talar til Regjeringi.
           
Det er god Taktik for politiske Smaaborn daa.
           
Vaksne Folk skulde derimot kunna sjaa, kor slikt ber av -!
           
Det ber dit, at no stend t. D. Budstikken og innfører Einveldet paa Grunnlag av Kielertraktaten.
           
Skam og Skade held Lag. Det duger nok ikkje aa vera høimodig i Politikken, - iallfall ikkje i ein Politikk som denne norske.