Rispur.

Presten i Hardang. (Segn fraa Hallingdal). Den Presten visste noko meir enn andre Folk, han. Naar dæ va ein daaen, og dei daa reiste til Presten og spurde, kor Sjæli var avkomi, so kunde han segja, um Sjæli var i Himilen elder i Helvite, og mang ein Gong, kann du vita, vart dæ stor Sorg paa Skyldfolke aat den, som var daaen, naar Presten sa, at han ikkje var frelst; og dæ var dæ som oftast. For om dei hadde vore nokso skikkelege her, og alle meinte, at den daa visst laut vera salig, so naar dei kom til Presten, so fekk dei anna vita. So var dæ eingong nokre, som vilde setja Prøva paa Presten og sjaa, um han visste noko hell ikkje. Dei laga dæ daa so, at Ein skulde leggje seg i ei Likkiste, og so skulde dei grava han ned, og so gaa til Presten aa spyrja, kor Sjæli var avkomi. Aa ja, som dei laga dæ, so gjorde dei, grov Mannen ned i Kyrkjegarden med Klokkeringjing og all Ting, som tilhøyrer; for dæ maatte dei, maa vita, daa Presten budde tett med Kyrkja. Og so gjekk dei til Presten og spurde etter Sjæli. Presten gjekk ut i eit Kammers aaleine; som han hadde vore der eit Bil, kom han fram i Døri og sa: Ko var dæ for eit Meniskje? han finst korkje i Himmerik elder Helvite! So stod han og undrast eit lite Bil; men so gjekk han ut i Kleven att, og daa han da kom inn att, so sae han: Jau, no er han framkomen, og i Helvite er han. Desse Kararne gliste til einannan og gjekk burtpaa Kyrkjegarden att; men daa gliste dei ikkje lenger; daa hadde denne Karen kovna av for dei, og dermæ visste dei ikkje meir sia enn fyrr, um Presten laug hell ikkje.
 
           
Ei Spaakjering. (Segn fraa Hallingdal). Ei Spaakjering var ute og reiste, og ho spaadde ein Mann dæ, at han skulde koma til aa gjera Mannslegt (-draap). Mannen vilde ikkje tru dæ, men Kjæringi sae: Dæ hender ein Gong, at du uforvarande kjem til aa hava baae Knereimarne paa ein Fot, agta deg daa, for daa er dæ næst fyre. So ei Stund etter var dæ eit Lag paa Skjervheim, og dit var Mannen beden. Som han daa skulde til og snugge seg til, havde han havt baae Knereimarne paa ein Fot. Daa hugsa han Ori aat Spaakjeringi og sette yver med aa reise til Lagje.
           
Men til dæ Lagje kom dæ ein annan Kar; han gav seg til aa gaa og spyrja og spyrja etter denne Mannen. Og daa Mannen ikkje kom, sende han Bod etter honom; men det muna ikkje. Og hin gjekk og stunda og venta og sende fleire Bod: men Mannen kom ikkje. Rett som dæ var vart denne Karen sjuk; dæ tok til aa rive og slite med han all igjenom, so dei tenkte han hadde slokna utor Tid for Tid. Folk reiste til Presten og sa, kos dæ hadde seg alleleis, og daa skyna Presten, at dæ var so laga, at denne, som var klen, skulde falla for den andre, men fordi at denne ikkje kom, so heldt han paa aa døy av di at Tidi var komi. Presten stellte dei daa til dæ, at dei skulde taka tri Halmstraa og flette isaman, og so skulde den Mannen, som dæ var spaat for, taka dei tri Halmstraai og slaa den sjuke med dei. Og som Mannen dæ gjorde, fekk den Sjuke døy rolegt. Presten han raaka dæ nok, han, den Gongen mæ.