[Notisar]

Kristiania, den 19de Mai.
           
68 Aar gamall er Norigs Fridom no. Skal me lova, at han skal verta eldre, elder skal me lata Novemberkulden taka han?
           
Aa, me tenkjer me held paa han ei Stund til. Ein veit kva ein hev, men ikkje kva ein fær, og arm maatte den Mann vera, som trong Formyndarar for seg, naar han var 68 Aar gamall!
Leve Fedrelandet, Fridomen og 17de Mai! Og
 
Gid syttende Mai, den velsignte blandt Dage,
bestandig maa skjønnere vende tilbage!
 
           
Den nye Skikkenaa jaga Kongar av Landet maa du ikkje rolegt finna deg i. Fridomen er lokkande nok i seg sjølv. Dersom ikkje Kongarne forsvarar Kongedømi likso kraftigt som Borgarsamfundi strævar etter Fridom, so vil det høgste jamnast ut med det laagaste, inkje nokot framifraa, inkje nokot, som lyfter seg upp yver Mengdi, vil daa finnast i Samfundi; Enden vil vera komen for Kongedømi, denne fagraste Tingen millom Gudar og Menn:
           
- So talad, 500 Aar f. Kr., den store romerske Hardstyrarkongen Tarkvinius Superbus, som for sine Synders Skyld var uppsagd og fordriven fraa Rom, og no rømde til Grannelandet for aa søkja Hjælp der. So talad han, um me kann tru gamle Fader Livius.
           
- Og so talar Morgenbaldet enno.
           
Dei fer ikkje med for mykje nytt, desse Kongeverjarar heruppe!
 
 
Stortinget hev etter Forslag fraa Jaabæk vedtekjet, at der ikkje skal gjevast noko til kongelege Kommissionar. Der var 74 Røyster mot 38. Bye, Berg, Didrichsen, Thuesen var med vinstre, Gregersen og Hurum med høgre.
           
Tinget hev sagt ja til Sverdrups Forslag um aa setja ein Stortings-Kommission paa 7 Mann til aa faa i Stand ein Jurylov. Der var 80 mot 30. Med Sverdrup røystad og: Jebsen, Hurum, Krag, Furu, Didrichsen, Motzfeldt, Thuesen, Svendsen, Essendrop, Bye og Berg.
 
           
17de Maivart halden paa vanleg Maate med Guta-Tog, Flagtog og Folkefest. Flagg med svenske Fargar millom dei norske var jamt aa sjaa. Some Svenskar var med i Festen; dei bar ei Sløyfe med dei norske Fargarne og yver den eit gult Band. Det hev voret sagt, at desse Svenskarne var norske Høgremenn.
 
           
I Egypten hev Kongen vorte samd med Ministrarne sine att.
 
           
Valet i Kr.a Arbeidarsamfund skal haldast um Sundags Eftan Kl. 5. Valista stod i fyrre Nr. Der møter vist innpaa 4000 og røystar. Det er uvist, korleids det gjeng.