["Til Kristendommens Venner i vort Land"...]

Til Kristendommens Venner i vort Lander det nokre Menn i Kristiania, som hev sett ihop ei Uppmaning, som stod i Morgenbladet og Aftenposten her verd Helgeleite. Det er Professorarne Gisle Johnson og H. Mohn, Prestarne J. G. Blom og S. Brun, Verkseigar I. Jensen, Skulestyrar N. Nickelsen og Fyrestandar i Livrentelaget P. Rogge. Hellest er ho i alt væsentligt godkjend og underskrevi av umlag 250 Mann i By og Bygd.
           
Me hev inkje Rom til aa trykkja det av her i Bladet, men me skal melda litevetta um kva det gjeng ut paa, og segja vaar Meining um det.
           
Det som driv dei til aa senda iveg ei slik Uppmaning, segjer dei, er den Fare, som efter vor Overbevisning nu truer Folkets beste Skat fra den politiske Radikalismes Side.
           
Kva dei no meiner med dette, den politiske Radikalisme, er inkje so greidt aa skyna, daa det gjeng paa so uvisse og svivande Ord og inkje beint fram nemner noko politisk Lag ved Namn, men det tykkjest daa helst vera heile Vinstrepolitiken det er meint paa. Dei skil altid unda, at vi herved ikke tænke paa en Fremskridspolitik, som respekterer den historiske Udvikling og kun vil bygge videre paa det historisk givne Grundlag. Hvad vi her have for Øie, det er en Politik, der med fuld Føie betegnes som radikal, fordi det, der er Maalet for dens lidenskabelige Kamp, ikke vil kunne opnaaes uden fuldstændigt Brud paa den sunde og jevne Samfundsudvikling, Omstyrtning eller Opløsning af den bestaaende Samfundsorden og Tab af Samfundsgoder som maa være hellige og dyrebare. Men det vert inkje klaarare med det. _ Dei segjer, at det er ikke Dagens politiske Strid, hvori vi ønske at kaste os ind; vi have hidtil holdt os udenfor den, og vi føle og heller ikke nu kaldte til nogen anden Deltagelse i den, end den, vor statsborgerlige Stilling kan medføre. Dette viser seg tydeleg, at dei hev voret utanfor; for den som hev fylgt med Politiken her i Landet, han veit, at me inkje hev noko radikalt Parti, det er endaa so greidt her, at det berre er beint fram Høgre og Vinstre. Det som Vinstre gjeng ut paa, veit me, er aa faa ei Styring, som kann vera meir tenleg for Landet, og Høgre vil halda paa det gamle. Vinstre er det just, som vil ein Fremskridtspolitik, som vil bygge videre paa det historisk givne Grundlag. Denne radikale Politik er soleids noko, som ligg burt i Skyi, og inkje i vaart politiske Liv, iallfall inkje som noko Parti. Me er væl vante med, at Høgremennerne i Kampgloden sin brukar aa kalla oss radikale som eit fast Skjemmeord, men naar so aalvorlege og golyndte Menn, skulde vera, au brukar det, maa det berre koma av di, at de er for lite heime i den politiske Utviklingi vaar til aa kunna døma annleids enn etter ymse utvortes Syningar.
           
Ved dette kjem det ein Uklaarskap yver heile Skrivet, som gjer, at det lite kjem til aa gjera nokon Mon.
           
Dei segjer: Det er vort Folks kristelege Karakter, Kristendommens Magt over vort Folkeliv, som vi nu ser truet af den politiske Radikalisme. _ _ Kristendommens Fortrængelse fra den Stilling, den hidtil har indehavt i vort Folk er ikke alene den nødvendige Følge af hele denne Bevægelse, men tillige dens sidste Maal.
           
Det kann væl vera Fritenkjarar i Vinstreflokken, som meiner dette. Men me trur, me hev Stormengdi av Folket med oss i den Forvissning, at i dei Utvinningar, som Vinstrepolitiken søkjer aa naa, vil Kristendomen faa ein sikrare og stødare Fotstad, enn han hev havt fyrr. Og Kristendomen trur me hev Framtidi for seg.
           
Hvad Frugt den radikale Bevægelse hidtil har baaret for det religiøse Liv i vort Land, ligger klart for Dagen for hver, som har Øine at se med. Fra mangfoldige Kanter af Landet høres allerede bitre Klager over den Tilbagegang, hvori det kristelige Liv befinder sig der, hvor denne Bevægelse har begyndt at faa Magt over Hjerterne, hvorledes Sansen for Guds Ord og Guds Rige der efterhaanden maa vige Pladsen for den alt opslugende, stedse mere lidenskabelige politiske Interesse.
           
Det er nok so det: naar Striden vert so skarp og so drjug um ein Ting, er det inkje meir aa venta enn, at det skal verta Stur baate paa eit og anna hellest. Men det som er misteket i dette, er, at det er gjevet berre Vinstre Skuldi. Me trur dei lyt bera noko dei andre au, dei faae Motstandarar, som berre held imot og gjer Striden so lang. Den som kjenner dette stolte og ærekjære norske Folket, han maa berre takka Gud for, at det inkje hev kveikt ein mykje hardare Hug og beiskare Sinn denne lange Stengsla og denne djerve Mothugen, som det finn paa sin Veg.
           
Me for vaar Del skal inkje øsast upp, me maa berre segja, at det gjer oss vondt, at slike brave godmeinte Menn skal vera komne burti dette, so dei vert nedsette av Folk i Vyrdnaden _ naar me ser dei harde og tunge Ord, dei lyser yver oss, der dei talar um den demoraliserende Indflydelse, som den radikale Politik øver indenfor de Kredse, af Folket, hvor den finder Indgang, hvorledes den med stedse større Dristighed tilegner sig den jesuitiske Grundsætning, at Hensigten helliger Midlet, træder Sandhed og Ret under Fødder og ved denne sin Fremfærd mere og mere nedbryder Agtelsen for alt, hvad der er høit og helligt, sætter alle onde Lidenskaber i Bevægelse og fremkalder en Ufred i Folket, en Splittelse mellem de forskjellige Samfundsklasser _ _.
           
Det bliver ogsaa mer og mer aabenbart, at det, der staar bag den hele Bevægelse og er den ledende Aand og den drivende Kraft i den, det er Fritænkeriet, den moderne Vantro. Dette viser greidt, at dei inkje sjølve hev fylgt med i vaar Politiks Upphav og historiske Utvikling. For me veit, at det er langt ifraa, at Fritenkjarskapen hev so gomol Rot hell fast Grunn her i Landet, at han alt no kunde vera megtug til aa vera den ledende Aand og den drivende Kraft i Politiken hjaa dette støde gamalkjære norske Folket, som dei sjølve gjev det Lovord, at det hidtil har fortjent Navnet af et kristeligt Folk. Nei me veit, at Politiken er det, som hev gamal Grunn i Landet. Naar det no i seinare Tider hev komet upp Fritenkjarskap, so hev ein Del av desse Folk trutt aa faa best Tak, naar dei gav seg med Høgreflokken, bruka Autoritetsmagt, Stengjing og Meinking, paa løynde Vis, men i Venskaps Namn. Men dei, som var meir framhuga og verksame av dei, hev daa haldet seg til Vinstrepolitiken i den Tru, dei skulde vinna mest med den, fordi dei ser, at den hev Rot i Folket og eig Framtidi. Og mange av desse hev voret verksame i denne Politiken og hjelpt han fram. Men sume av dei hev au gjort Skade for honom med di, at dei hev voret hoste kaute og liksom vilja eigna honom aat seg og si Leid; for fekk dei den Tanken inn paa Folk, so hadde dei sjølve so god ei Stilling, som dei kunde faa ho. Men Bønderne læt inkje Eigedom og Ære takast fraa seg ved lause Ord, det er berre Stogemenn og Byfolk, som er ukunnige med det, som kann tru sovoret.
           
Dette (um Fritenkjarskapen) gjelder navnlig om den Presse, hvori den radikale Politik har sin mægtigste Talsmand, sin kraftigste Løftestang. I denne Presse raader en Aand, som baade i den ene og den anden Retning holder paa at forgifte hele vort Folkeliv. Ved den bliver en mægtig Strøm af ukristelig, ja antikristelig Verdensanskuelse uafladelig ledet ind i vort Folk, som i sin Troskyldighed for en stor Del tager imod den med aabne Arme; det ser ikke, at dens Fører er en Forfører, hvis rette Valgsprog er hin uretfærdige Dommers Ord: Jeg frygter ikke Gud og undser mig ikke for noget Menneske.
           
For det fyrste er det her aa merkja, at naar dei vilde tala til Kristendomens Vener um Pressa, so er det mykje einsidugt aa nemna berre ein Del av ho, Vinstrebladi, med det misser Ordi all Klemmen sin.
           
Dinæst er det det, at dei kallar denne Vinstrepressa for fritænkersk, segjer at ho fører ukristelig, ja antikristelig Verdensanskuelse uafladelig ind i vort Folk. Dette er au tydeleg Ord, som det visst inkje ligg nokor djup Etterrøkjing og Utrøyning til Grunn for. Av dei halvhundra Vinstreblad, og kannhende meir, som no kjem ut her, hev me høyrt eit Par berre skulda for slikt, men her tek dei alle for Endes. Det er sannt, i denne sterke politiske Ridi er det mange Blad, som berre set seg Politiken til Fyremaal, der det no for Tidi gjeld mest um, men so er det au mange, som attmed dette hev serleg kristelege Fyremaal. Mest alle kristelege Syn og kyrkjelege Leider hev Talsmennerne sine millom Vinstrebladi, alt fraa det metodistiske og til det grundtvigske. Det er væl snaudt, um Høgremennerne kann segja noko slikt um sine Blad.
           
So er det det, at Folk er so letttrugne og tek mot alt med opne Armar, som Bladi kjem med. Aa nei, den Tid er nok ute, Folk er kritiske no; det fær ein Bladmann kjenna.
           
Det no, som desse Menn daa vil, segjer dei, det maa fyrst og fremst verta at oplyse Folket om det Forhold, hvori denne Radikalisme staar til Kristendommen. Det vil dei gjera med Smaaskrifter og Emissærer.
 
           
Det er visst mange, som vil undra seg yver, at slike gamle og trugne Menn, som Gisle Johnson og Svend Brun au vil leggja seg frami paa denne Maaten. Men det maa forklaarast so, at dei lite hev livt seg inn i det politiske Arbeidet fyrr, og hev inkje agta paa den raske Uppvokstren av dette rundt um i Landet paa det siste, og naar dei daa no ser seg ikring, so kjenner dei inkje att seg, dei ser Utsida, som kanskje kann vera lite ven stundom, og ho høver inkje med deira Tankebygnad hell med deira Krav til eit sunnt Folkeliv, so vert au mangt boret i Øyra paa dei av politiske Tvilsmenn og misnøgde _ og Domen vert slik, som me hev set.
           
Dei likar inkje Staak og Uro, de vil tala eit Fredens Ord. Men so godmeint, som me maa tru dette er, so er det likevæl upraktisk gjort til aa verka for det Fyremaal i slike Tider og Forhold, som no er.
           
For dette Fredens Ord, skulde vera, vert bruka som Vaapen for Høgrepolitiken til liten Nytte for Kristendomen sjølv. Meir ulagleg Tid enn no til aa hava slikt fram i nokor onnor Meining kunde det snaudt finnast. Det kristelege og fredelege Fyremaalet vert inkje ansa, det politiske Vaapnet vil dei fleste tenkja paa. Dei vil halda dette for ein Reddningsplanke for Høgre, alle desse Menn vert sete som ein Frelseher for Høgre, som dei freistar skjota fram i siste Liten. Dette Fredens Ord, som skulde samla Kristendomens Vener, det er laga so, at det kjem til aa kløyva dei, so det vert Høgrekristne og Vinstre-kristne, og i denne Klufti vert det Rom for Fritenkjarskapen aa slaa sine Kilar. Daa kunde ein med Sanning peika paa dei Ordi som dei hev sigta med paa Politiken at: Hvert Rige, som vorder splidagtigt med sig selv, vorder øde. Og no Arbeidsmaaten. Slike Skrifter og slike Emissærer vil verta vanagta som vanlege Høgreagitatorar.
           
Og det no, som Arbeidet skal gjelda, verja Kristendomen berre ved aa faa Folk til aa agta seg for Faarar, det vil au gjeva Kveik i Elden for dei, som segjer, at Kristendomen er eit utlivt Liv, som ein berre maa standa med Svipa og verja. Nei beste og rettaste Verjingi for Kristendomen no trur me er den, aa visa, at han hev Livskveik i seg i alle Tider til aa taka paa seg dei Krav og gjennomsyra det Arbeid, som er i Gjerdom millom Folk. Det er nok av slikt, og me trur, at Kristendomen hev Magt til aa bera det.