Ei rar Friing.

(AvHermod Hejmdal).
           
 
Det var ’kje for Moro Skuld aa fria til Hæge Mo. Det kunde kvar og ein sjaa av alle Kulurne, som stod og glodde i Veggen runnt ikring Dyri. Aanon Mo sparde korkje paa Krut elder Bly, vart det sagt, naar nokon kom og vilde hava fat i Dotter hans. Kvar einaste Laurdagskvell og stundom tidare hadde han ein Pistol liggjande ferdug framfor Sengi si. Naar han so høyrde, Dyri gjekk, so ropad han: ”Kven der!” plent liksom han hadde gjort i gamle Dagar, daa han laag i Garnisonen. Og kom der ’kje Svar tridje Gongen, so small det for Aanon, og Kula stod i Veggen. Det var ’kje so sjeldan hell, at det small for Gamlen. Der var Hol i Hol etter Kulurne. Men det var undarleg nog; han raakad ingjen, inkje faarlegt daa. Men ein liten Synemun fekk no altid nokon kvar av Bramannsgutarne i Bygdi. Pistolen hans Aanon var tvipipa; men han skaut aldri meir enn eit Skot um Venda. Jau ei Natt let han baade tvau ganga. Han trudde, det var Husmannsgjeipen Ivar Kosi, som var ute og dreiv etter Hæge. Ivar var truloga med Mogjenta, og det var difor inkje det minnste undarlegt, um Gamlen undte han tvo Kulur i Magjen. Men Kosaguten var nog skotfri den Kvelden; for han sat heime i Kosi paa den andre Sida aat Vatnet. _ Ei Tid etter detta kom der ei gomol Kjering til Mo med Helsing fraa Ivar. ”Eg skulde helsa deg, Aanon, fraa Ivar, at han vil taka Gjenta, um du so skjyt med gloande Kulur,” sagde Kjeringi. Detta høyrde alle dei som inne i Stoga var. Aanon vart kvit i Andlitet av bare Vondske. Han reis upp og gjekk naar 1) aat Kjeringi, daa han svarad: ”Hels Kosafleipen, at eg skal taka vel imot han, naar han kjem. Seg, det er best, han tek paa seg Likskjurta, fyrr han gjeng heimanfraa. ”Kjeringi vart livrædd; ho hadde aldri i sit Liv set slikt Uppsyn paa Mann, som det Aanon hadde no. Han gjekk att og fram etter Golvet og trødde stundom so hart, at det dunad i Stoga. Kjeringi vilde rusla ut; men Aanon stanad henne i Døri. Ho skalv Kjeringi, daa han tok henne i Armen. ”Hels Ivar, at han skal faa Gjenta, um han er Kar til aa taka henne ut, naar eg er heimi,” sagde Aanon, men inkje med so hardt Maal som fyrr. Kjeringi strauk so fort ho kunde, ho var glad at ho slapp so lett or Klørne av Mo-ørni. Aanon visste, kva han sagde. Siste Helsingi skulde berre gjera Ivar meir vaagsam. Kom han, so skulde det nog verta hans siste Ferd til Mo-Gjenta. _ Aanon Mo var ein Mann, som aldri gjekk ifraa det, han eingong hadde sagt. Detta var aalkjennt i Bygdi. Daa Ivar fekk Helsingi hans, so bannad han paa, at han skulde freista; ”for det kann daa ’kje ganga verre enn galet,” meinte Ivar. Og fra den Dagen tenkte han ’kje paa nokot annat.
           
Eit halvt Aar var gjengi; men alt var med det gamle paa Mo. Hæge var like ven um Dagarne, og Aanon like vak ved Nattatider. So var det ein Laurdagskveld nest fyre Jol. Daa var det so utifraa fint Ver; Føret var og gott, og Vegjerne var so slette og harde som Stogegolvet. Denne Dagen hadde Ivar Kosi voret paa Mo. ”Ikvell kjem eg og tek Gjenta”, hadde han sagt til Aanon. ”Ja, gjer det. Du skal vera velkomen” hadde Aanon svarat. Men denne Kvelden lagde Gamlen tvo Kulur i kvar Pipa paa Pistolen sin. Daa han hengde han fraa seg, sagde han: ”det skal nog verta siste Friingi hans denne Gongen.” Aanon lagde seg ’kje med dei andre um Kvellen. Han kastad ein stor Tyregnust paa Elden, so det lyste yver heile Stoga. Han tende paa den store Pipa si og gjekk att og fram etter Golvet og ventad paa Kosafleipen. Kvar Gong han kom naar aat Bordet, stanad han og gloste ut igjenom Glaset. Det var klaart Maaneljos, og han kunde sjaa langt nedetter Vegen. Men Ivar saag han inkje. Klokka hadde alt sleget 11 og gjekk no mykje til 12. Og endaa var ’kje Kosaguten komen. Aanon vart trøyt og svemnug og sette seg i den store Kubbestolen frammed Aaren. Daa bar det fyre han, at han var baade gamal og galen, som kunde sita slik. Ivar kjem nok ’kje ikveld, sidan han sagde det. Aa nei, var det likt seg! Han vil nok koma, naar eg minnst ventar han. Kanskje imorgokveld. Men daa skal han finna meg vaken. Eg let meg ’kje lura; eg er no for gamal til dess. Slik sat Aanon og tenkte eit Bil, so reis han upp, trekte Lemerne for Glasi, sette Spjellet i Omnen og skarad Varmen, so lagde han seg, og det var ’kje lang Beita, fyrr han somnad. Men Ivar sat ’kje heime denne Kvelden. Han bad Husbonden sin um aa faa laana ein stor Sekk. Ja han fekk ein, som tok ei Tunne. ”Kva vil du med honom?” spurde Husbonden. ”Eg vil putta Aanon Mo i’n,” svarad Ivar og log. Og so ruslad han med Sekken sin yver Isen, og uppigjenom til Mo. Han krabbad inn under Buret; for Folket var uppe endaa inni Stoga. Men han hadde ’kje fyrr gaatt aat, at Aanon hadde lagt seg, fyrr han kom fram or Løynet sit. Varsam drog han fram Jagarsleden 2) hans Aanon, tok Skjækarne av ’n og sette ’n tylt utpaa Bakken, som var bratt og slett heilt ned til Isen. I Vedaskjoli fann han eit Reip, og det lagde han jamsids Sleden. So sat han og venta ei god Stund; for han vilde vera fullviss um at Aanon sov. Han stiltrad seg det beste han kunde inn i Stoga. Aanon vaknad inkje. Det var kolmyrkt, so Ivar saag ’kje Neven framfor Nosi si. Han gjekk eit Stykke naar etter Golvet. So lyfte han litegrand paa ein Stol og sette ’n nedatter sovidt det glamad Daa vaknad Aanon. ” Kvender!” ropad han og reis upp i Sengi. Ivar stod kurstill; han heldt jamvel Teven. Aanon ropad ein til Gong; men han høyrde ’kje det minnste. Daa kom han ihug, det kunde vera Katten. ”Pus, pus; pus, pus,” kallad han. ”Mjau _ mjau”, jamrad Katten og flaug av         naar i Sengi. ”Men eg vil vera viss paa det,” meinte Aanon og steig fram paa Golvet. Han gjekk nokre Stig framigjenom til Dyri. Ivar stod kurstill, rak som eit Ljos, med Tunnesekken i Haandi. Aanon for tett innmed honom og kom framum. Men daa sprikte Ivar ut Sekken sin og smøygde ’n i eit Sett nedyver Hovudet og Akslerne hans, tok han so attanfraa yver baade Armarne um Livet og flaug paa Dyri med han so svindt som ein Eld. Det gjekk so fort, at Mannen ei Gong fekk ’kje Tid til aa skrika. Ivar sette han paa Sledaskrinet. Reipet vart no bruka, og Aanon visste ’kje Ordet av, fyrr han kjende seg fastbunden. So skuvad Ivar til Sleden, og avstad bar det baade med han og Mannen nedigjenom den harde og bratte Vegen. Det var likso det gnistrad under Meiarne, so fort gjekk det, og Sleden stanad ’kje fyr midt ut paa Isen. Men daa drygde ’kje Ivar lengi, fyrr han svintad seg inn til Hæge. Han fortaalde, kva han hadde gjort, og so log han so hjarteleg godt, at ho og laut til aa lægja. ”Men no maa du skunda deg,” sagde han og fann til Stakken hennar. ”Ja, det er vel so det,” svarad Hæge og kastad paa seg Klædi det fortaste ho kunde. Ivar tok Loftsnykjelen burt paa Skaapet, og so gjekk dei av aat Loftet. Daa dei hadde laast upp Dyri, sprang han innatter med Nykjylen og hengde’n paa Skaapkroken; for Laasen var slik, at han kunde laasast innanfraa. Hæge fann ein Spiker i Kassa burt under Sengi. Daa Ivar kom uppatter, laaste dei att Dyri og sette Spikeren i Laasen.
           
Aanon gjorde baade reiv og sleit for aa koma laus atter. Og endeleg fekk han daa Sekken av Hovudet. Han freista paa alle Sett og Vis med Reipet, og sistpaa losna daa det og. Og der stod han midt paa Isen i bare Skjurta. Og so hoggande kaldt, som det var! Han skulde no koma heimatter nokot fortare enn vanlegt. Men Isen var glitrande haal, og han datt alt i eit, stundom so lang han var. Han var rasande vond, og bannad gjorde han, so det lyste ikring ’n; men det monad ’kje stort. Sistpaa kom han daa av Isen. Og so bar det uppigjenom Bakkarne med ’n. Han sprang plent som han skulde hava betaling for det. Den iskalle Snjoen brende han under Føtarne som Eldmyrja. Daa han var innkomen, tok han paa seg buksa og ropad paa Hæge. Men han fekk ’kje nokot Svar. So tende han Eld i Ljoset og piltrad ut i Koven der Hæge laag. Sengi stod tom. Men daa vart Aanon fyrst sinna, so det munad. ”Ja skulde det no vera Ivar, so F . . . rive meg, um eg hev vortet for Makjen hell,” sagde han. Han visste’kje, kven det var; for han hadde ’kje set nokon. So leitad han yver heile Huset baade nede og uppaa; men han fann ingjen. Dei maa vera i Loftet, tenkte han. Nei det kunde dei ’kje; for nykjylen hekk paa Skaapet. So var han av at Fjoset og saag, um dei kunde vera der, i Saugaren, i Stallen; men ingjenstad fann han dei. Aanon laut ganga innatter. Han lagde dugaleg paa Elden, tok Pipa si og sette seg frammed Gruva. Han sat lengi og ventad paa Hæge; men ho kom ’kje. Som han sat slik og grunda paa, kven ialverden det kunde vera, som hadde gjort han eit slikt Spikk, bar det fyre han, at det var ein rar Spøk altihop. Han kom ihug kos han kastad seg paa Isen, og kos han hemde og sprang uppetter Bakken. Det var løglegt aa tenkja paa detta, og han laut lægja. Og til meir han tenkte paa det, til meir log han. ”Det maa jamen vera ein rar Kropp, som kunde finna paa slikt,” sagde han og log, so det huskad i han. ” Aa er det Ivar, so mi sann skal han ’kje faa Gjenta og;” han slog seg i Laaret og skrattad. Daa han hadde setet vel ein Time, byrja Hovudet at dubba ned i Bringa hans. Og so lagde han seg.
           
Um Morgonen kom Hæge inn. Men ho var ’kje eismo. Ein Kar fylgde henne, og det var Ivar Kosi. ”Goddag, Aanon Mo,” sagde Ivar, og det var ’kje fritt for, at han flirde. ”Tok eg ’kje Gjenta?” ”Jau, og no kann du hava henne og,” svarad Aanon og log. ”Hei Gjenta mi!” ropad Ivar, gjorde eit Hallingkast og sveivde Hæge rundt paa Golvet. ”Gjestebod til Jol, Gut,” sagde Aanon. _Slik var den Friingi og inkje eit Grand annleis.
 
 
1) = lenger inn, nærmare.
 
2) Jagarslede &dvs; Reiseslæde.