Fraa Skulesoga.

[Del 1 av 13]
 
(Ved Matias Skard.)
                         
Foldbu 13.1. 1883.
 
I.
 
Kjære Ven.
           
Du skal retteleg hava Takk fyre Brevet ditt. Det gledde meg ved dei mange gode Tankar um Skule- og Uppdragargjerningi. Men mest var det meg kjært som Vitne um, kor aalvorlegt du tek det med di Skulegjerning: at du ikkje berre gjeng den uppstakade Vegen, gjerer di Skylda og tek di Løn, men kjenner, at det djupaste ved Lærargjerningi ligg der, som ingi Skuleplan elder Fyreskrift naar inn. Takk fyre din Kjærleike til dei Smaa. For det meiner eg er eit av dei allra største Spursmaal fyre baade vaart kristelege og folkelege Liv, um der veks fram Folk, som hava Kall til Lærargjerningi, avdi dei elska Borni; og um Skulen kann verta steld so, at den Kjærleiken fær gode, frie Vilkor til aa arbeida aa bera Frugt. Det høver heilt i Skulen det gamle Ordet, at fraa Hjartat gjeng Livet ut.
           
Eg veit elles ikkje um dei gjekk til den rette, naar dei bed meg giva deg Greida paa, korleids Folkeskulen fraa fyrst er komen upp, og korleids han heve naatt fram, dit han no stend. For det er ikkje alt so myket eg veit um den Sak, og mi eigi Lærargjerning tek Tidi, so eg heve smaa Stunder aa lata til. Men likvel baade fyre Saki Skuld og di Skuld vil eg prøva. Eg skal stutt taka fram nokre av dei grøvste Dragom. Og so sender eg deg mine Brev her gjenom Bladet, paa Voni um nokon annan kunde bry seg um aa lesa deim. Idag skal eg berre nemna dei fyrste Tilsprang, som elles reint kom i Nedfall og ikkje kom til aa verta Grunnlaget fyre Folkeskulen, men likvel kunna vera lærerike, avdi dei syna oss det upphavelege Skuldrag i Luterdomen.
           
I det 14de Aarhundradet kom dei gamle latinske (og græske) Bøkerna upp i Dagen att. Det var som ei ny fager Verd, Folk fekk sjaa inn i; ho hugdrog og hugtok alle Folk, so det aa verta utviklad, det var i deira Augo berre aa leva seg inn i henne. Og det gjekk med all den Eldhug, som den unge Elskhug aatte. Dei skulde ikkje berre læra den klassiske Verdi til Botnar aa kjenna, rika seg med hennar Skattar; nei dei vilde liva seg inn i henne, liva henne upp att: ikkej berre læra aa lesa Latinmaalet til aa eigna til seg det, som paa det var skrivet; nei ein skulde tillika skriva og tala det _ vera ein av dei gamle Latinarar sjølv. Difyre vart det ogso Bruk, at dei Lærde gjorde Namni sine um paa Latin. Utor denne Uppglødingi føddest Latinskulen. Skule fyre deim, som ikkje hadde Tid og Tilføre til aa læra Latin _ ja det hadde ikkje dei Lærde Stunder til aa tenkja paa. Under alt detta vart Modersmaalet liggjande udyrkat og kom i Nedfall.
           
Den raadande (katolske) Kyrkja hadde ogso Latin til sitt Modermaal. Soleids var der ikkje alt so myket i Tidi, som kunde kalla fram ein Skule paa Modersmaalet; men paa Modersmaalet maa Folkeskulen vera, um han i det heile skal vera til.
           
Kyrkja skulde vel altid hava Tanke paa aa naa Aalmugen ogso med Upplysning. Men den pavelege kyrkja hadde fest Augat soleids utverdes paa Kristi Rike paa Jordi, det store, velordnade sterke Kyrkjesamfund, og saag soleids Frelsa i det aa høyra Kyrkja til at ho litet ansade den einskilde Mannen og hans Utvikling og djupare Tileigning av dei ymse Sidur av den kristelege Sanning. Difyre laag der ikkje i Pavedømet nokot serleg sterkt Kall til aa taka seg av Upplæringi aat Aalmugen. Tilmed maatte der vera ein serleg Vande fyre Folkeskulen, so lenge dei ikkje hadde funnet paa aa prenta Bøker.
           
I det heile fanst der daa ikkje Folkeskule aa kalla, fyre Luters Dagar. Eit og annat hadde vel voret prøvt og hadde boret si Frugt; men det hadde ikkje sleget Rot og breidt seg ut. Det var Fader og Moder, Heimen, som bar den kristelege Upplæring og Utvikling av Barnet.
           
So kjem Morten Luter og Kyrkjefornyingi og tek fullt Augnamerke paa den einskilde Mann og Kvinna. Han ser Vokstren og Framgangen fyre Kyrkja i det, at Kristendomen byggjer seg upp i kvar einskild Meneskja. I dette ligg Grunnen til Folkeskulen; Luters Syn paa Kyrkja og Kristendom, den Ande som ber hans Kyrkjefornying maatte med Tid og Stunder føda Folkeskulen. Luter saag ogso godt, at ei Fornying av Skulen maatte til. I hans Skrifter støyter ein alt i eit paa Tankar um Skulestellet. Og han tek ikkje linnt paa dei gamle Skular: Helder enn eg vilde at høge Skular skulde verta ved, soleids som dei hittil hava voret . . . vilde eg helder, at ingen Gut nokongong lærde nokot meir, og var dumm (døvstum). For det er mi aalvorlege Meining, Bøn og Ynske, at desse Æselstallarne og Djevelsskularne anten seig i Avgrunnen elder vart umgjorde til kristelege Skular. Men Luter var ikkje Skulemann og kom soleids ikkje til endefram aa umskapa gamle elder skapa nye Skular. Og som han var ein vegbrjotande Stor-Ande, so var han ogso eit Barn av si Tid. Det syner seg soleids greidt i hans Skrifter, at han ikkje sjølv saag den Folkeskuletanke, som laag duld spirande i heile hans Verk. Han kunde ikkje heilt lyfta Augat upp yver si latindyrkande Tid med sine Stands-Skular, fram til den heilt folkelege Skule, som gjeld det aalmenne i Meneskja og difyr gjeld alle Meneskjor aalment. Skule er i Luters Munn Latinskule 1) . Han vil hava Skular, som skulo gjera Folk dugelege til aa vera Prestar og Embætesmenner. Dei gamle Maal (Latin, Græsk og Hebraisk) skulo lærast og Kunstarne med til aa skyna den heilage Skrift og føra det verdslege Styre, ein maa hava lærde Menner og Kvinnor. Og Styremagterne skulo tvinga Folk til aa senda Borni i (Latin-)Skulen; for dei skylda sanneleg aa halda uppe Embæt og Stand. Det er sant, han vilde ogso hava tyske Skular 2) og Gjenteskular 2) . Men det var ogso Skular, som skulde læra Folk upp til deira serlege Livsgjerning. Og so langt er han fraa den greide Tanke paa Folkeskulen paa Modersmaalet, at han skriv: Giv kvar By ogso hadde ein Gjenteskule, der Smaagjentorna 1 Time dagleg kunde faa høyra Evangeliet paa Tysk elder Latin. Dei som stod ved Sida aat Luter, var helder ikkje Menner, som orkade aa skapa den Fornying paa Skuleumkvervet, som Kyrkjefornyingi maatte krevja. Melankton som serleg gjeld fyre aa vera den luterske Skulefader, gav i 1528 ut si Visitationsbok: og um den fortel han sjølv, at det han der ber fram, heve han fenget av Luter. Der 3) heiter det: Fyrst og fremst skulo Lærarne leggja Vinn paa, at dei læra Bornom berre Latin, ikkje Tysk, elder Græsk elder Hebraisk, som sume fyrr hava gjort og plaagat dei stakkars Borni med slik ei Mengd, som ikkje berre er utan Gagn, men skadeleg ogso; Gutarne maa verta haldne til aa tala Latin. Og i fleire av dei protestantiske Skulom i det 16de Aarhundradet vert det endefram sett Straff fyre aa koma med Ord i Modersmaalet. Endaa naar Gutarne leikade, skulde det vera paa Latin. Det kling som det skulde vera fraa Tidi fyre Luter; for daa kunde ein nog finna den Skulelog, at den som kom med nokot paa Modersmaalet, skulde setjast paa smalkost.
           
Soleids kom Trældomen under Latinmaalet til aa bløma allrabest i dette 16de Aarhundradet, daa Luter var komen og hadde brotet Latin-Oket i Kyrkja. Men Enden var ikkje endaa.
 
 
1) Luters Tale um Latinskulen syner greidt, kor høgt han set det humane &dvs; det meneskjelege. Ei onnor Sak er det, at han uttalar seg so sterkt um Maali &dvs; Gresk og Hebraisk; det er fyre bibelen og Teologia Skuld.
 
2) Slike Skular fanst elles alt fyre Luters Dagar.
 
3) Under Namnet Um Skular finst elles dette Stykket ogso baade i Walche og Erlanger-Utgaava av Luters Skrifter.
 
[ Meir]