Tidender.

Storthingetkom ihop no Torsdagen. Dei skal vera vælkomne dei gjæve Menn. Folket hev sendt dei iveg med Tillit og med Voner; me ynskjer og trur det maa inkje svikast av sine Menn. Det er dei trugaste og stødaste Gutarne, som finnst i Landet, som no kjem ihop. Dei skal standa staute og sterke, dei tarv inkje anten ræddast hell blygjast, dei hev det norske Folket aa stydja Ryggen mot, dei kann hugheilt taka Framtidi i Fanget. Dei er heimagjorde paa det, dei skal gjera Greida, som duger, anten det daa vert sett Riksrett, hell dei hine gjev seg godviljugt. Det trottar inkje standa i Bendingi lenger, og det maa verta ein Ende paa all denne Stakarsdomen vaar ein Gong.
           
Det er ein Hugnad aa sjaa, at Sverdrup er so med Helsa att; naar me hev den Mannen med oss, so liter me paa, at det vert gjort det, som Folk og Land best kann høva.
           
 
. Kongen og Dronningi og Prins Oskar kom fyre Laurdagen.
 
           
StortingsmannNils Juel er sjuk, so han inkje kunde møta i Tinget, Hjalmar Løberg kom i Staden.
 
           
Til Fullmaktsnemndvart det vald: Lindstøl (109 Røyster), J. Sverdrup (109), Steen (108), Haugland (106), S. Nielsen (102), Amtmann Bang (101), Qvam (75), Thomesen (64), Glestad (58). Det vert væl eit langt Arbeid og Ordskifte med Gransking og Vandsking av Vali daa no fyrst, so Tinget snaudt kann opnast av Kongen, fyrr det lid uti Vika att.
 
           
Dei frilyndeStortingsmenn heldt Møte no Onsdag og samsnakkade um at dei skulde faa seg eit Samlag, som dei kunde koma ihop i og ha Orskifte um dei ymse Spursmaal, som kann koma fram. Paa denne Maaten kann dei verta meir samstelte, og vinna Tid unda for Arbeidet og Umhandlingi i sjølve Tinget med. Dei valde ei Nemnd til aa setja ihop Reglar hell Lovar aat seg. Det hev voret paa Tale, ja paa Tiltaket slikt eit Samlag fyrr og, men aldri gjenget.
 
           
Fædrelandeter inkje nøgd med Meldingi vaar, um at det vart avsanna i Framferdi si. Dei vilde hava annleids baate Ord og Ordstelling, um rett skulde vera, segjer dei. Men etter vaart Maalvit hev me inkje Grunn til aa avsanna oss i det me skreiv. Det fær standa, som det stend. Dei skyt til Fritzners Ordbok yver Gamal-Norsk, men det kjem oss lite ved, me gjeng inkje anten etter Gamal-Norsk hell Ordbøker, me skriv etter det, som Folk talar.
           
Skal me tala um Maalet i Bladet vaart, so er me i den serskilde gode Stelling, at me so hugheilt kann rosa oss av, at me skriv den beste Norsk av alle Blad i Verdi.