Fraa Landvik.

Ungdomen tek til aa leda paa seg i Landvik no. Me hava tvau Skyttarlag, eit i Landvik-Krinsen, som høyrer til Austagder Folkevæpningssamlag, og eit i den øvre Bygdi, som heve meldt seg inn i Centralforeningen, endaa Lagsmennerne likad Folkevæpningssamlaget betre. Det var fyrst avgjort, at Laget skulde høyra til dette, men daa sume Høgremenner var misnøgde med Avgjerdi og lovad aa hjelpa til med Præmiar, um dei vilde standa i Centralforeningen, vardt det umgjort. Det er best aa vera Foreldri og gamle Folk lyduge i lengste Laget; men Høgrepolitikken heve mindre Magt i Landvik enn mange tru. Ungdomen heve Hugdrag til Vinstre og Maalsaki og ved siste Valet var det Folk, som i mangt var sams med Vinstre, men røystad med Høgre. Hadde me ein maatehalden og upplyst Vinstremann til Førar, ein, som Folk hadde same Lit til som til Høgremennerne, so kom det til Brjoting, til Ettertanke og til meir Upplysning, og daa vart nog Vinstre i Landvik likso sterkt, som Høgre no er.
           
Daudt og dovet heve det voret med andelege Hugmaal her. Men Ungdomen søkjer no mykjet til Skular og det mest fraa den øvre Bygdi, so det vert betre og betre. I det store Skulehuset paa Vigmarki hava me Amtsskulen i Vetr. Han heve voret godt søkt. Til Sumars vert det nog Skule fyre Gjentor. Gjev dei no berre torde tru seg ut, so vart det vel annan Kveik paa deim og! Skulestovor taka dei no til aa byggja upp fyre Aalmugskulen; det er ikkje litet Framstig.
           
Du maa tru, det heve voret Røding og Skrepping av denne trauste og fine Vegen, som held paa og krek upp etter fraa Rosesanden til Herrefossfjorden. Han er no ferdug so vel ei Mil uppetter Dalen, so no kann me køyra som Storkarar, der me fyrr laut bala oss fram i Søyla og Vassdabbar til midt paa Leggen og hoppa fraa Stein til Stein nedfyre bratte Kleivar. Maten maatte mi um Sumaren føra i Klyvmeiser og fara vart, um ikkje Hestebeini rauk sund.
           
Fyre tvaa Aar sidan skipad Ungdomen i den øvste Bygdi eit Leselag, som skulde arbeida fyre Upplysning og Norskdom. Der er mange Lagsmenner, og Bøkerne hans Aasen, Vinje, Janson og dei fleste andre Landsmaalsbøker, som er aa faa, fara fraa den eine til hin og verta lesne med Hugnad. Det skulde ogso vera Fyredrag, Upplesning elder Ordskifte um eit og annat, men det berre sjeldan. Det var med Hugnad eg i Sumar saag, at ein Mann skreiv i Nordmanden og uppmodad Bygdarfolki til aa skipa Leselag med same Plan, som vaart Lag hadde fenget, sonær som det, at vaart Lag endefram gjeng ut paa norskt Maal. Eit norskt Leselag skulde Ungdomen skipa i kvar Bygd. Det kostar berre tvo tri Skilingar av kvar, og so hava dei lesnad dei lange Vetrakveldarne, kveikja Hugen, sanka Upplysning og faa det norske Bokmaalet kjært.                     
 
S.