Til Medlemmerne av det norske Samlaget.

Det høyrest ut for, at det er mange, som stundar paa 2dre Heftet (Slutten av 1ste Bandet) av A. O. Vinjes Skrifter i Utval. Og det er ikkje aa undrast paa: det er alt gjenget langt yver Tidi, og 1ste Heftet, som Medlemerne for 1881 fekk ifjor Vaar, er dessverre korkje halvt elder heilt, idet at Innhaldslista (med Uppgift um Tidi, daa Stykki er skrivne) og dei naudturvelege Upplysningar til Teksti ikkje kunde fylgja med daa, men maa koma til Slutt. Grunnen til, at det hev dreget so langt ut, er den, at eg hev for liti Tid aa maa i Von, Bandet er vortet større, en paareiknat var, og Utgjevingi tek meir Tid og Arbeid, en eg hadde tenkt meg. Eg lyt difyr beda dei ærade Lagsmenn orsaka meg og vera tolmoduge _ Ventetidi skal snart vera ute; det er all Von til, at 2dre Heftet kann verta ferdugt og kringsendt til Medlemerne (for 1882) innan Utgangen av denne Maanaden. Samstundes fær dei au Forteljingi Bjørn Berge og Evangeliet etter Markus, som no er sogodtsom ferduge fraa Trykken. _ Daa eg veit, at mange hev undrast paa, um det ikkje skal koma meir av Vinje en dette eine Bandet, skal eg her med det same faa upplysa, at Utvalet er meint aa skula innehalda Mesteparten av det, Vinje hev skrivet paa norsk Landsmaal, soleids, umfram dette Bandet, som inneheld Stykke or Dølen av blandat Innhald: Ferdasogur fraa Inn- og Utlandet, Forteljingar, Talur, Bokmeldingar o. dil., Dikt, Politikk, Avhandlingar o. s. fr.
           
Kristiania 5te April 1883.
 
Med Vyrdnad,
Utgjevaren av A. O. Vinjes Skrifter.