"Bondestudentar".

Det var Emne i rett Tid aa skriva um. Anten reisa til Amerika hell so studera er det no Skikken at dei skal gjera annankvar Bondeguten, som det er nokot meir Framhug i enn vanlegt og som hev litevetta Vit i Hausen.
           
Det tykkjest for mange vera reint som eit Under, korleids det gjeng til, fraa den Stundi, Heimalingen gjev seg ilag med Boki i Framslengsaari, og Maskinen tek honom og gjøymer honom undan Folkaugom nokre Aar og so sender honom ut att med Floshatt og Glasaugo og Galogar og Kjærast som kongl. norsk Embættsmann.
           
Denne Maskinen hev Arne Garborg opnat for oss i denne Boki si, og lagt Løyndomen fram, so kvar kann granska etter, og sjaa alle desse Taggar og Hjul, korleids alt verkar tilsaman, so det raae Grjotet tilslutt fær sitt rette Skap.
           
Slik som Soga hans Daniel er her, slik er ho aat mange, ja slik gjeng det dei fleste av dei Kararne.
           
Og slik som han er laga, det er nok for mykje Norskt i det, til at det skal vera Naturen til ein berre, det er mange slike, men me hev inkje ansa paa det hell vilja trutt det fyrr.
           
Gamle-Godfar hans var av dei, som grunad paa sjølvgjengde Maskinar, og Farfaren var av dei, som grov etter Skattar. Same Gjerdi er det paa Daniel, Arbeidshug hadde han inkje, og Folk sagde um honom, at han kunde visst ha best Hug til aa vera Skattegravar liksom den han heitte etter.
           
Men Daniel hadde større Draumar enn so.
           
Det gildaste og gjævaste, som fanst etter hans Meining, det var dette store straalande Taarn, liksom av Magt og Glans, som bygde seg upp i Landet fraa Lensmann og Skulemeistar gjenom Prest og Fut og Skrivar og Amtmann høgre og høgre, meir og meir glinsande, like upp til Kongen, stod øvst paa Toppen og var klædd i berre Gull.
           
Han gjekk for den klokeste i heile Huset der heime og var so brennande god til aa svara or Grunnen, men det vert daa inkje anna enn berre ein Middelmaating til Kar lel.
           
No er det mange, som tykkjer, det er liten Mun aa lesa heile Bøker um slike. Men eg trur, at dei hev haldet seg til Framifra-Karom berre, no so lenge, Bøkerne, at det er helder forvitnelegt aa sjaa og høyra um dei midels ogso, for dei er det mest av i Livet, men ein er ofta minst klok paa dei, ein ansar paa dei for litet.
           
Me fylgjer Guten Fots Føte igjenom Skularne og all Stad, gjenom dei mangeslag Høve og Innverkningar, som han kjem ut for, me ser korleids det kveikjest honom Fyresviv og Tankar. Me forstend so væl alt som han kjem til aa gjera, me vert so væl kjende med honom, at det er reint merkjelegt at ein kann læra aa kjenna eit Menneskje so væl gjenom Bøker berre.
           
Han kjem frami mange Ting; ymse Meiningar og Menn vert uppstelte i Boki. Dette er væl helst gjort for Skuld Guten, men det hev og ei stor Fotvitna i seg sjølv; Samtidi vert stelt oss fyri Augom, ved Skildringar av Livet i ymse Høve og ved Framstelling av Talsmenn for dei fleste aandelege Straumar her hev voret, og historisk merkjelege Menn tred sjølve fram. Her er Grundtvigianisme, Pietisme, Idealisme, Materialisme, Latinskule, Heltberg og Fabrikken, Dølen og Fram, Pater Omnipotens og fleire.
           
Studentarlivet hjaa Bondestudentarne i Kristiania hev daa fyrste Plassen, i Lag og Leik og paa Kotti deires, korleids mange liver paa Laan og Sveltihel men bergjer seg endaa, der er det meistarleg gode Skildringar.
           
Det er ei Mengd av Menneskje og Hende og Rødur i Boki, so ein stundom kann ottast for, at det ber for langt paa Viddi, men du skal sjaa, at det heng ihop lel, det er ei Meining i kvart einaste lite Draget, naar du ansar etter. Og ingen Ting er skildra paa eit Raam, heile Boki er bygd paa ei gløgg Gransking og Etterfaring i dei minste Delar. Slik som Elskhugstankarne til Dømes sviv i Hugen hans, det hev eg inkje set so skileg teikna fyrr.
           
Vanlege Romantraavarar vil væl tykkja ho er trøyteleg i mangt, Boki, for ho er inkje slik spændene som dei likar det, men det er hell inkje Livet sjølv, og den som er forviten etter aa kjenna det, han vil hava vanskelegt for aa riva seg laus fraa Boki, han vil lesa henne til Endes ein Gong, og han vil lesa henne uppatte. For ei Forteljingsbok, som er so forseg-gjord som denne skal ein sjeldan sjaa.
           
Eg skal undrast paa det, um det inkje vil gaa so med mange, naar dei hev leset denne Boki, at det dreg seg ein Tvil paa dei, um det plent er av det gode, at so mange Bondegutar no skal studera, og um det kjem so mykje godt utav det. Det kann koma til aa verta mange, som tykkjer han hev noko Rett i Ordi sine Endre Storr, han Materialisten, naar han segjer, at den som avlar ei Tunna Havre er større enn den, som lagar ei midels Bok . . . at den, som fær tvo Straa til aa veksa der, som det fyrr berre vaks eit han er ein Velgjerdsmann mot Ætti.
           
Sanneleg gjev ho inkje ein mange Slag Tokkar og Tankar denne Boki. Tvil vil ho føda um mangt i Stellet og Arbeidet vaart.
 
           
Korleids er det, gjeng Boki ut paa Fritenkjarskap? Det er Tale um Fritenkjarskap i Boki millom mangt anna, og sume av Kararne er Fritenkjarar og legg daa stundom fram sine Meiningar, som ein kann venta; men Boki gjeng inkje ut paa nokot slikt. Det er berre ein Stad han slengjer inn sine eigne Dømingar i so Maate, Side 169; han skildrar eit Lag, og so song dei den Songen: Jeg har boret Lærkens Vinger o. s. v. Hugmilde og ivrige sat dei og lydde og drøymde uppatt sine fagre Barndomsdraumar um Englarne og Gud Fader, voggad seg inn i heile denne blide, bleike Romantikken, som lyste som ein Septemberhimmel yver deira germanisk-orientalske Fyresyningar um det evige Liv, segjer han. Men det høyrer liksom inkje med til Maaten i Boki hellest, at Forfattaren segjer si eigi Meining, Domen hans um sume Ting kjem inkje Boki ved, og inkje hev det nokor Forvitna for Lesaren hell aa vita det. Det er nokot Folk kjenner til fyrr, at Garborg er Fritenkjar; her kjem det som eit Attpaaheng, som ei framand Røyst. Men uskynuge Folk støytest snøgt yver slikt og gjev heile Boki ein vrang Dom for dette.
           
Vil ein taka seg fyre og leita væl, so kann ein kanskje finna smaae løynde Oddar her og der hellest og, men dei tykkjest aa vera komne meir uforvarande. Og det er væl altid so, at ein Fritenkjar kann koma til aa sjaa ymse Ting paa ein nokot annan Maate enn plent ein kristen vilde gjera det, men ein maa verkeleg segja, at Boki tek alt so upartisk som ein kann venta det. Det er inkje nokor Fritenkjarbok, so Folk bør inkje lata vera aa kjøpa henne for det.
 
 
Det er meir den vitenskaplege Diktar-Gjerdi aa kalla Garborg hev, enn det dei fyrr meinte med Poesi, men det er Bilæte i Boki som er meisterlege, og Skildringar, som er reine Dikt. Alt er gjenomtenkt meir liksom hjaa Ibsen, enn komande so i eit Braaflog som hjaa Bjørnson.
           
Den norske Bokavlen og det norske Maalet hev Grunn til aa vera stolt yver ei slik Bok. Maalet vaart skuldar ovleg stor Takk til Garborg; han hev øvt det upp paa ein ny Maate, han hev synt fram den Sida av det, som Motstrævararne jamt hev negtat, at dethadde. Det er kanskje inkje fullt so rikt Maalet hans som hjaa Vinje, og inkje eig han hell den skapande Maalevne som han, men det er sviphag Kar, han fær bøygd Maalet etter seg, kor han vil, Ord og Ordelag legg seg i mjuke Follar um dei vandaste Tankar. Det er Kraft, og det er Glans i Maalet hans, det er berre so det smell i Setningarne. Han fær det til aa falla naturleg jamvæl i Munnen paa Grosserarar og Bydamur, ein hugsar inkje paa anna, enn at det er dette Maalet, dei talar jamleg.
           
Bondestudentar meiner eg gjev Garborg Rang millom dei fyrste Bokskrivararne vaare. Lat oss visa at me skynar paa ein sodan Kar, gode Maalmenn, me hev inkje slike kvar Dag.