["Gjera Reklame"...]

Gjera Reklamefor nokot er det same som aa gjera Rop og Staak for aa faa Folk til aa ansa paa det og bry seg um det, og det er daa i ser Handelsfolk, som gjer Reklame, daa dei treng um, at Folk kjøper Vararne deira. Best av alle til aa gjera Reklame skal Amerikanarne vera, er det sagt; dei gjer Reklame paa alle dei tusund Maatar, som ikkje er uppreknande; det skal jamvæl henda, at dei slær upp Lysingar um Handelsvarar og Uppfinningar paa Altertavlurne i sjølve Kyrkja.
           
Novemberfyreningi er det nokot, som heiter; ho hev gjort mykje Reklame i sine Dagar. Gjort Reklame baade for sjølve seg og for Vararne sine, men det heve ikkje nyttat. Det var ein Flokk Høgrekarar og meiningslause, som beit paa med det same, men sidan vart det stilt; og Styret laut sidan i kvart Aarsmøtet trøysta sine Folk med, at Laget daa ikkje hadde minkat meir enn det etter Naturens Orden maatte gjera; - for det døyr einkvar Novembermannen med so daa og daa, endaa det døyr naturligvis ikkje so mange Novembermenn som Vinstremenn. -
           
Ja, tilslutt saag daa Kristian Friele, at paa den Maaten kunde det ikkje nytta; ein fekk finna paa nokot nytt, og so fann dei paa eit nytt Namn til den gamle Greida. Dei kallad seg Grunnlovsforeninger, og dreiv paa med aa gjera Reklame av beste Magt; og Morgenbladet gjorde Reklame, og Fædrelandet gjorde Reklame, og det nyttad alt ihop like mykje.
           
Daa fann die paa nokot endaa nyare: Opraabet til Kristendommens Venner. Dei samlad ihop 2-300 Namn Meningsberettigede Namn, d. v. s. Namn paa Folk i saavidt uafhengige og indflydelsesrige Stillinger, at man ikkje godt skulde kunna undlade at tillægge deres Meninger en vis Vægt, meinte Kristian Friele -, og desse Kultarne skulde daa gjera Reklame for Novemberstellet. Ja, dei gjorde det beste dei kunde. Traktat etter Traktat sende dei ut, i Tusund paa Tusund; - naar Folket, som ikkje hev Vit til aa tenkja sjølv, fekk lesa dette, meinte dei, so vilde det nok umvenda seg. 2-300 store, gilde Namn, skulde Folket kunna staa seg mot so mange Grunnar?
           
- Men Folk er meir vise i denne Tid enn ein skulde tru -: Folk kom etter, at heile Stasen var eit nytt Namn paa den gamle Greida, - og so vart der ikkje nokot av dette helder.
           
Folk vilde ikkje kjøpa Traktatarne deira. Og i Lengdi held dei ikkje ut aa senda all denne Bladkvistekvasselen ut yver Landet fritt. Kva skulde dei so gjera? So fekk ein sjaa aa finna paa endaa nokot nytt; - dei fekk gjera meir Reklame osv.
           
Ein Dag fann dei paa det. Dei leitad i Verdens Gang og fann der nokot um, at det var Lygn, naar Upproparkultarne sagde, at Folket ikkje kunde skilja millom absolut Veto og Absolutisme elder kva det no var. Daa dei hadde funnet dette, sette dei seg fyre, at dei vilde leggja Sak mot Verdens Gang.
           
Alle maatte undrast paa, at so mange gilde Folk, derimillom alleslags store Embætskultar og annat fint, - at dei kunde leggja so mykje Lag paa eit slikt Ord, naar dette stod i eit Blad av den lavere Presse; men ein Dag kom Kristian Friele med Forklaringi. Dei 2- 300 Herrarne vilde leggja Sak mot Verdens Gang, - serleg fordi dei trudde, at Folk ved det skulde koma til aa leggja meir Merke til og dermed kanskje kjøpa Traktatarne deira!
           
Det var Grunnen. Dei vilde gjera Reklame for Bøkerne sine gjenom Retten.
           
So langt er dei altso no komne med Reklamevæsenet sitt.
           
Det næste maa vel vera, at dei gjev seg til aa lysa ut sine politiske Handelsvarar i sjølve Kyrkja liksom Yankeearne.
           
Men det maa vera so langt for desse Folk, at dei altid skal faa fram det motsette av det dei vil. Det einaste, dei i Røyndi kjem til aa gjera Reklame for, det er nok Verdens Gang.