[Um Maalarbeidet...]

Um Maalarbeidet vaart heve N. skrivet eit gjildt Stykke i No. 40 og 41. Det er vist rettaste, at me samla oss um aa arbeida upp Maalbladet vaart, daa Vegen til det ligg oss næraste og stend open. Mest alle Blad hava sankat ei utruleg stor Mengd med nye Tingarar i denne politiske Røra. Men skal Maalbladet og Maalsaki verta støytt til Sides av Politikken og einsidelege politiske Blad, daa ser det illa ut. Maalmennerne lyt og læra aa fiska i det rørde Vatnet, ja dei skulde vera vakare og tidlegare ute enn alle hine, daa kunde dei koma til aa liva flust allstødt sidan. Ja kom so Gutar! Lat oss spenna i med aa samla Tingarar. So kann Bladet vaksa. Skal me faa Bøndarne med oss, so maa Bladet verta so stort, at dei kann klara seg med det aaleine; for det er ikkje alle, som hava Raad til aa halda fleire Blad. - Men so bør Fedrah. halda godt og høveleg Stil, ikkje bruka Hæding elder Styggord um Motstandararne, so som ein o gjorde i No. 32, han talad um Morgenbladet. Slikt batar ingen, men argar mange.
           
Men um me leggja større Arbeid paa Maalbladet, trur eg, det vet større Arbeid paa andre Leider og. Naar Fedraheimen fær ein større Flokk kring seg og høgre Sess, vil kvart Krav, som Maalmennerne setja fram gjenom Bladet, og kvart Maalframstig, det melder um, verta møtt med meir aalmenn Hug og Gleda, det vil kveikja Von og Eld i Folk, og Elden slær ut i Arbeid og Studning fyre det nasjonale paa alle Leider. Fedraheimen bør vera ein Møtestad fyre alle Maalmenn, og gjenom honom skal dei stydja kvarandre Landet rundt og binda seg isaman til ein Flokk, som fær Vyrdnad og Magt. Ja me skal stydja kvarandre ved Fyredøme og dugelege Tiltak. For di meir ein ser Arbeidet munar fram kring seg, di større Hug og Dug fær ein sjølv til aa arbeida. Fedraheimen skal bera Tidender um kvar Framgang, som Maalet gjer, ikkje berre i Bokavlen, men ogso i Skulestellet og i Livet 1) . Han skal finna Nøring fyre Maalsaki fraa alle Kantar, samla alle Aadrer til seg og senda Krafterna med Sprett og Spenn ut atter millom Folk. Han skal soleids verta Organ i ein Organisme, Hjartat i ein fast Maalmannafylking.
           
Politikken syg i seg mest all kraftog Arbeid. Dei skipa politiske Samlag Landet rundt, dei halda Folkemøte og ordkastast mest, kvar ein høyrer. Berre Politikk. Maalsaki høyrer ein litet gjetet. Men ho maaikkje gravast ned i denna Røra; ho skulde berast fram sterkare og sikrare enn nokon Gong fyrr, daa kunde me, som sagt er, gjera eit gasta Verk. Alle, som arbeida i Tenesta fyre ei stor Sak, søkjer aa sanka ein fast Fylking kring henne. Tru det ikkje skulde hjelpa aa skipa Samlag i Maalvegen som i Politikken? Eg tenkjer her mest paa eit Samlag av Bondestudentar i Oslo. Det heve ogso voret freistat med aa faa ihop eit slikt Samlag fyrr, men det vart litet av det. Telelaget hev komet fram, men det er for trongt. Telegutarne hava helder ikkje berre godt av aa stanga fyre seg sjølv. Dei lyt halda seg frami fraa alle Landsluter, skal det faa den rette Laaten. Iaar hadde Bønderne 23 % Studentar. Dei hadde dei fleste nest Embættsmennerne. Det kunde verta eit drustelegt Samlag av Bondestudentar, skulde eg tru. Det skal ikkje vera so rart i Studentsamfundet helder no, segja dei. Tru det ikkje var betre, Bondegutarne skilde seg ut i eit Samlag, som gjekk paa ei rein nasjonal Leid. Kannhenda eit slikt Samlag kunde bøta nokot paa det, me hava tapat, daa me ikkje fekk professor i Norsk.
           
Kor som er, vilde me Bønder gjerna vita, kvar me hadde Sønerne vaare, som me kosta mange Pengar paa. Det var godt, um det var eit Samlag, som tok imot deim og lærde deim alt meir og meir aa elska det heimslege, so kunde me kannhenda faa deim atter som Lærarar elder Prestar paa heiltupp heimsleg Grunn. So hadde me Like fyre Kostnaden og Gleda av vaare Born. Men no! Det er berre ein og annan gasta Karen, hellest veit me ikkje anten dei slengja hit elder dit. Det er mest Bykulturen, som fær Baten av Kostnaden vaar. Lat oss faa sjaa, at Bondestudentarne byrja leda paa seg litetvetta; for dei maa segja, kvat dei vil um, at Bønderne skal lyfta Maalsaki, so gjeld det daa meir um, at vaare Søner i Hovudstaden, Aandens Budbærere, taka kvast i, for daa kjem det Elingar i Bondefolket ogso, tru meg paa det. Lat oss hugsa paa aa lyfta i Flokk!
 
           
Eg tykkjer sjaa, naar Fedraheimen kjem likaso stor som Bodstikka. Daa skal me faa Augo, maa tru!
 
S.
 
 

1) Kvar Tingar lyt hjelpa til med aa senda slike Tidender til Bladet.