Fraa Kvitseid. (Brev).

Me hev havt eit godt Aar i Aar. Folk fekk mykje og godt av baade Høy, Korn og Eple. Epleroten var ymis paa sine Stellur. Men fær me hava uskadt det, me hev fenget i Kjellaren, so vert me endaa velberga for Vettern. Paa Fesjaaet i Seljord var mykje Folk. Mange Austlendingar var der for aa kaupa inn Kretur. Dei gav gode Prisar, og Handelen gjekk livlegt. Det stend soleids godt til med oss i Matvegjen heruppe. Men i Politikken er det berre so som so. Her var nyss Val paa Heradsstyret. Og daa vart ein av Kristendomsuppropararne vald, og ein annan vart Varamann. Ja dette er syrgjelegt, men sannt. Og stor Skam er det og, naar ein veit, at Vinstreflokkjen her i Bygdi er mangedubbelt so stor som Høgre. Grunnen var, at Vinstre ikkje kom til um Personarne, nokot, som er gamalt her i Kvitseid og vist andre Stader i Landet og. Og so kann det henda, at det ogso gjorde litt, at Hjelpepresten vaar var so flink til aa tala godt for Høgre nest fyre Valet. Dette var i Hovudsoknet. I Anneksurne vart det reint Vinstreval.
           
17/ 10 83.                                    J. M.