Heradvalet i Seljord.

Det hev komet inn Politikk i Heradsvali au no. Det kann vera ymse Meiningar um detta er væl elder ille, men vist er det, at det er so no.
           
Heradvalet her i Seljord var i fyrre Maanaden den 21de. Det hev snaudt møtt so mange fyrr som 65. Men no møtte dei, som inkje hadde Forfall. Grunnen til dette var nokk baade, at det hadde komet ut, at Høgre agiterad og so at ein Høgremann no paa eit Aars Tid hadde sendt umkring Budstikken og Aftenposten til alle Kantar i Bygdi, som han hadde inndeila i Læsekredse. Detta hadde vekt Folk upp til aa tenkje paa um inkje det høvelegaste var ved Heradvalet aa syna Verknaden av denna Budstikkepolitiken. Det andre, som kann gjera sitt til, at Folk no meir enn fyrr tenkjer paa Politiken i Heradvali er, at Stortinget no sender umkring Logframlegg til Betenkning av Heradsstyri. Ein tredje Ting er, at Høgre tek kvar einaste Mann av sine, som vert valde, til Inntekt for Selmerspolitiken. Dei gjer galet i detta Høgre mot seg sjølve. Men so er det. Me ser, hoss dei kann koka Suppe av ingenting ofta, so som dei gjorde etter Valet i Vinje. Til Formenn valdest:
Klokkar Olav Sveinson . . med 46 R.
Gardm. Sigurd Sundbo . . 37 -
 
Til Repræsentantar:
Harald Strond . . . . . . . . . med 58 -
Tarkjel Dalen . . . . . . . . . 49 -
Eilef Garvik . . . . . . . . . . 48 -
Gunleik Aasheim . . . . . . 47 -
Sveinung Kodde . . . . . . . 46 -
Leiv Bjørge . . . . . . . . . . . 43 -
Jøren Aasheim . . . . . . . . . 41 -
           
Til Formann hadde fyrste Mannen aat Høgre 14 R. og til Repræsentant 8 R. Ellest laut Høgre au røysta paa moderate Venstremenn.  
 
Odd.