Tidender.

Kristiania, den 3die November.     
           
Bonden vil Høgre hava med seg, og so fer dei Landet rundt og held Preikur um, at Bonden er so dum,
- Ja, det maa vera det, dei liter paa.
 
Retthev dei paa sin maate, og det ser ut til, at dei vedgjeng det sjølve -; Skulde Bonden fylgja Høgre, so maatte han vera dum.
 
Høgrepolitikken er bygdpaa den Fyresetning, at Folket er dumt. Daa Folket ikkje hev Vit paa Politikken sjølv, so maa det hava Formyndarar; - der har du heile den Politikken.
           
Det er ikkje aa undrast paa, at dei sender Professorar og Hoffsogemenn ut for aa læra Folket, at det er dumt; - fyrr Folket hev lært det, gjeng det aldri yver Vetopolitikken.
 
- Men det er vel seint. Dei burde ha lært Folket denne Leksa, fyrr dei reiste Vetostriden. Hadde Bonden voret dum, daa Vetostriden vart vist, - so hadde Høgre vunnet.
 
           
Det var den 23de Trinitatissundag no sist.
           
Det ser ut til, at det desverre kjem til aa spyrjast mykje leidt etter den fraa Kyrkja; ialfall maa ein tru det etter dei Meldingarne, som alt er framkomne fraa some Kyrkjur her i Kristiania.
           
Paa den Dag handlar Evangeliet um Statens Mynt, og det er nok ikkje alle Prestar, som hugsar, at det paa ein annan Stad stend skrivet, at mit Hus skal kaldes et Bedehus, og at det ikkje bør gjerast til ei Røvarkula, - f. Eks. ved Politik.
 
 
Det juridiske Fakultetfer ikkje væl under Aktors Hender.
           
Det ser ut til, at Fakultetet hev stolat for mykjet paa, at det var den høieste retsvidenskabelige Autoritet, og at det daa ikkje hev voret so gløgt, som det væl hellest vilde ha voret. Aktor hev lagt fram underlege Ting, som synest aa tyda paa dette.
           
- Men kor det no er elder ikkje er: Bonden maa ikkje tapa si Tru til
Vitenskap og Lærdom, fordi det ser, at det finst Vitenskapsmenn, som ikkje er Vitenskapsmenn.
 
           
C. F. Ridderstadheiter ein gamall svensk Mann, som jamt hev fælt mykje Bry med den norske Politikken, og som ikkje paa nokon Maate kann lika Johan Sverdrup og Bjørnstjerne Bjørnson. Det som det er skriv han dundrande Stykke mot desse Menn, og mot Vinstrepolitikken vaar i Bladet sitt, Østgöta Correspondenten, og so sender han desse Stykki sine her inn til alle norske Blad, liksom i den Tanken, at han paa den Maaten skulde kunne faa Inflytelse paa deira Meiningar.
           
Det siste Nummeret, han hev sendt oss, er Bladet for 27de Oktober. I det stend det fleire lange Stykkje um den norske Politikken, ser me. Kjem me nokon Gang til aa lesa dei, skal me segja ifraa.
 
 
Valet i Vinjeer nemnt som Siger for Høgre. Men det einaste dei kan rosa seg av var, at den eine nye, som blei invald, er Høgremann, men det er langt derifraa og til full Siger.
           
Den andre Høgremannen, som blei vald, er ein av vaare eldste Tillitsmenn og baade Høgre og Vinstre var samstelte om aa vilja hava han med. Vinstre dela seg i Valet det er sannt. Den eine Delen tok berre politiske Hensyn, og hadde dei fenget raadt, so hadde her nok inkje blive valt nokon Høgremann. Den andre Flokkjen vilde hava att dei gamle, og om den eine av dei var Høgremann, so var dei kje so rædde eit lite Faatal Høgremenn i Heradsstyre, naar dei fekk prøvad og dugelege Karar. Med lidt Vingel i Stemmegivningji gjekk det daa so til, at Høgre vann upp med sine nye.                                  
 
A. H.