Torni Slyngstad.

[Del 13 av 15. Første delen]
 
(Av Hans Mo.)
                                   
X.
 
Det var um Sumaren tvo Aar etter at Torni Slyngstad kom paa Skulen. Ho var heimatt komi um Vaaren og hadde med seg Helsingar til Gudrun Standal. No var det Jonsok; men Gudrun hadde ikkje voret til aa sjaa med Kyrkja, sidan Torni kom heimatt.
           
Du lyt gaa inn til Vatne, og bera fram Helsingarne, sagde Margit.
           
Det vil eg ogso segja, meinte Knut Bjørhaug.
           
Eg skal altso dømast til det, svarad Torni smilande.
           
Soframt du trur, ho ikkje likar, at du kjem, lyt du lata det vera, Barnet mitt.
           
Torni sagde ikkje nokot til detta. Men Bjørhaug greip Tanken og svarad: Eg vil borga fyre, at Gudrun berre vilde verta hjarteglad, um Torni vilde vitja henne. Og so umerkjelegt Bjørhaug raudnad med det same, gaadde daa Torni det. Ho treiv Handi hans, saag honom varmt inn i Andlitet og sagde: Takk! No gjeng eg.
           
Der stod Bjørhaug og Margit. Ho saag spyrjande paa han.
           
Ja, ho hever altid voret gløgg, sagde han. Ingen kann dylja nokot fyr henne.
           
Ho forstod deg?
           
Til Fullnad. Elles vil du vel minnast, at eg sagde fyr tvo Aar sidan - ja, kvat var det no?
           
At her vilde koma meir sidan.
           
Rett so var det ja; - her vilde koma meir sidan, - ikkje nokot stort elder vidare forvitnelegt. Det ligg ikkje oss til. Me fylgja so smaatt og fredelegt med Aldren vaar her millom Fjelli. Me taka ikkje det i Aar, som Aaret komande gjøymer aat oss.
           
Nei, synest du det, Knut? Eg tykkjer, alt vert so skiplat og forandra no.
           
Aa ja, i det ytre, i Bunad og Byggjing og slikt. Men dei andlege Rørslur er lika smaa og fatike. Det einaste av sterk Kjensla, som eg i mange Aar hev lagt Merke til her, var nokot hjaa Torni, fyrr ho tok til Skulen, elder lat meg segja so fallande Ord daa Gudrun skulde koma til aa styra Huset der inne.
           
Ja daa kunde eg merka, der var nokot, som skaut upp.
           
Det skaut upp ja, so sterkt, at ho maatte fara til Skulen, og der hev ho bergat Romet sitt med Glans. Ho vilde ikkje staa tilbakars fyr andre maatru.
           
Fyr Gudrun meinar du?
           
No ja, naar du Margit nemner Namnet, so slepp eg!
           
Ungdomen er æresjuk, som du veit Knut.
           
Aa jamen veit eg so. Det er ikkje Lyte paa Ungdomen helder. Dei, som er lika sæl, duga ikkje stort. Men no fekk ho vita nytt her, og so vil det stilna av; eg hadde nær sagt, det var leidt, for det var ei forvitneleg Tid, daa me gjekk her og grundad paa, kor ho hadde det paa Elskesida.
           
Veit du det no daa for vel, Knut?
           
Aa jamen veit eg det.
           
Kvat var det fyr nytt ho fekk vita?
           
Det vil ho sjølv fortelja i Kveld.
           
Ho ja! Det skal du faa meg til aa tru! Nei, det lyt fulla koma fraa deg, soframt eg skal verta klok paa det, svarad Margit. Men Bjørhaug gjekk smaalægjande inn i Nystova.
 
           
Det var Jonsokdag. Folk dreiv til og fraa Garda millom, so dei jamt plag gjera paa slik ein Rekedag.
           
Daa Torni kom inn aat Brui, sat ein Mann der paa Rekkverket og sov. I Vegveita stod ein Rokk med Føterne upp og Hjulet ned. Svarvegreidurna laag der attmed. Rafteseten skubbad paa seg og vaknad: Nei sjaa detta fine, du! Det maa vera ho Torni Slyngstad, for det ser ein paa Timen, at det er makalaust!
           
Eit knusande Augnakast var Svaret.
           
Aa ver ikkje sinnad paa meg; for eg segjer berre den skire Sanningi, at du er daa etande fin og fager. Nei, at faa eiga slikt, det vilde daa vera alt fyr stor ei Lukka.
           
Du er vel Rafteseten, du?
           
Skal so vera ja, - Rafteseten elder Rokkesvarvaren i Aarsetbygdi. Torgeir Vatne tente der i tvo Aar. Der er fagre Gjentur, sagde han.
           
Ja kvifor ikkje?
           
Nei, det skulde eg tru. Dei vilde reint kringsetja Guten, eg hev aldri set slikt; det var som Kleggjer paa ein Hest høgst aa Sumar.
           
Aa, han bergad seg nokk likavel.
           
Han ja, - med Godmanns Hjelp ja, - eg sagde mang ein Gong: gløym ikkje dei, som bida, Guten min! sagde eg.
           
Eg tvilar ikkje paa det, sagde ho og gjekk.
           
Bida litetvetta, ropad Rafteseten. Vil du hava Brev elder Bod til Ytrevatne, so skal eg fljuge som Fuglen med det fyre deg!
           
Du skulde helder gaa ut til Slyngstad, so kunde det henda du fekk selja Rokken din, svarad Torni, som trulege ikkje vilde hava Skraalhalsen etter seg.
           
Segjer du sannt, so skal du vera gift, fyrr Aaret er ute, det lovar eg!
           
Gift, gift! Kor skulde no vel det sjaa ut, som ikkje skulde tykkjest hava Rett til aa vasa um Gifting! Det største av alt i dette Liv, det finaste, skiraste vaaga dei seg til aa gjera til eit Kvardags Umkvæde, slita paa det som ein Trave og draga det ned i Surpet. Der finnst ikkje lenger den mindste høgtidlege Klang i Ordet.
           
Soleids gjekk ho og tenkte seg upp-øst. I Harmen visste ho ikkje av, fyrr ho var komi radt upp aat Tunet paa Ytrevatne. Der stod nokre Karmenn. So snart dei vart henne var, gjekk ein av deim inn, og dei hine drog seg inn etter Vegen til Indrevatne. Det gjorde henne vondt, for det var Torgeir, som gjekk inn. Kunde ho ikkje faa helsa paa han, fyrdi um Drengjerne hans var til Stader? Ho tykte nestan, at ho hadde gjenget i maafaa. Korlenge skal det vara, fyrr me vert kvitt denne Styvingskapen vaar? tenkte ho.                  
 
( Meir).