[Tidender.] Fraa Tinget.
Odelstinget hev no
vedteket ein ny Kyrkjelov. Me veit alle, at Prestarne Landet rundt no
i det siste hev havt det svært annsamt med aa stengja Kyrkjurne for
Lars Oftedal og andre Prestar, som hev kjent større Trang til aa
utbreida Guds Rike paa Jordi enn dei flest-alle Prestarne no hev.
Folk mislikad mykjet Prestarne si Framferd i so Maate, og det gjorde,
at nokre frilynde Tingmenn kom fram med eit Lovforslag, som skulde
minka Prestemagti nokot.
Kyrkjenemndi kom so til
Odelstinget med eit sovoret Framlegg:
1. Presten skal hava Lov til
aa preika i Kyrkja andre Dagar enn nettupp Sundagen.
2. Presten kann gjeva andre
Statskyrkjeprestar og Presteemne sama Retten.
3. Dersom minst 10 Husfedrar
i ei Sokn kjem med skriftleg Søknad um, at Kyrkja for ein Gong skal
yverlatast til ein frammand Stats kyrkjeprest, so skal inkje Presten
hava Lov til aa setja seg mot det. Søkjer dei oftare um aa faa sama
Presten, kann Presten senda Søknaden til Bispen og lata han
avgjera, korleids det skal vera.
4. Presten kann og gjeva
Lækprestar, som hev godt Vitnemål for Lære og Liv, Lov til aa preika fraa Kordøri.
5. Presten skal syrgja for,
at alt gjeng lovlegt og høvelegt til.
6. Presten skal innføra i
Kyrkjeboki alle dei Kyrkjeforretningar, som denne Loven nemner.
Dei tvo fyrste og dei tri
siste Paragraffarne var dei mest samde um baade Høgre og Vinstre.
Men um Paragraff tri vart der eit kvast Ordskifte. Dei glupaste
Talararne paa Vinstresida var Jakob Sverdrup, Wexelsen, Liestøl,
Øverland, S. Nilsen og Oftedal. Paa Høgresida talad Professor
Bugge, Saxe, Bonnevie og Horgen mest.
Høgre hev teket til
aa føre Saki si paa ein nokk so sløg Maate no. Er
det ei større Sak, so segjer dei mest støtt, at dei er einige med
Vinstre i
Hovudsaki,
men naar ein so kjem til det, som nettup er
Hovudsaki,
so vrid dei seg unda og segjer, at no gjeng det for vidt. So langt
kann dei inkje ganga med. Og so reknar dei upp ei heil Horg med
Betænkeligheder.
Dei meinar vel med dette aa visa Folk, at dei i Grunnen er likso gode
Vinstremenn dei som andre, berre det, at dei inkje vil ganga for
vidt.
Dei brukad sama
Framgangsmaaten her, difor hadde dei inkje stort imot nokre av
Paragraffarne; men den Paragraffen, som skulde vera Trygd for det
heile, den var for yderliggaaende, den sette dei seg imot av
all Magt.
Det, at 10 Menn
skulde kunne krevja av Soknepresten, at han let ein annan Prest faa
preika i Kyrkja, det gjekk ikkje an, det vilde vera Brot paa den
offentlige Orden,
det vilde vera Faatalsstyre og meire slikt. Det gjekk paa ingen Maate
an.
Nei, daa var det
langt tryggare aa lata Bispen og Presten raada for, naar ein frammand
Prest skulde tala i Soknekyrkja. Daa vilde der inkje verta nokot Brot
paa den gode
Orden.
Daa vilde alt vera godt og vel.
Det var inkje so
ille tenkt dette. Dei er vist like so vise, som Rubin Hood. Dei
kjende sine.
Dei kjende vel til,
korleids Bisparne hev gjevet Paabod um aa stengja Kjurkjurne for Lars
Oftedal og fleire andre, og dei kjende og vel til, kor hjarteleg
gjerne Prestarne var lyduge mot slike Paabod.
Dei var svært glade
i Lægmandsvirksomheden, dei vilde svært gjerne, at ein Prest
skulde faa preika i andre Kyrkjur, ja det vilde dei, men for at alt
skulde ganga med
god Orden,
so skulde Presten og Bispen avgjera, naar slikt skulde skje.
Og Høgre-Kararne
viste kvat dei gjorde. Dei kjende Prestarne og Bisparne og Regjeringi
med. Dei viste godt, at fekk dei sitt fram, so vart alt gangande med
det gamle. Folk vilde heretter som fyrr beda um Kyrkjurne til den
hell den Presten, som dei hadde Hug til aa høyra, og Prestarne og
Bisparne vilde no som fyrr tenkja paa den gode Orden og
_
segja nei.
Høgres Framferd i denne
og andre Saker fær meg til aa tenkja paa ein Mann, som heldt
Fyredrag i ei Avhaldsforeining. Han talad baade greidt og hardt mot
all sterk Drykk; men daa han sluttad sagde han: Det er hellest
Meiningen min, at me bør halda os til det gamle. Og i det sama
saag dei Hestehoven stikka fram.
Men Vinstre skynad godt,
kvat Høgre tenkte paa. Liestøl og Øverland talad greidt um, at
Loven var naudturveleg og at Paragraff 3 trengdest for aa sikra, at
Loven vart meir enn paa Papiret. Ein Høgremann hadde sagt, at der
bland dei 10, som var med paa aa faa fat i ein frammand Prest kunna
vera ein elder fleire, som var ugudeleg; men Oftedal svarad, at han
for sin Del vilde helst tala for slike. Han trudde, at berre Guds Ord
kunna føra dei attende til den rette Vegen. Hardaste Slaget stod
millom Professor Bugge og Pastor Sverdrup. Bugge heldt fyrst eit
langt Fyredrag. Han var daa som vanleg stød og skraasikker. Men daa
Jakob Sverdrup mælte imot spaknad han. Fyredraget hans Sverdrup var
nokot av det beste me hev høyrt.
Han tok fat i den eine etter den andre
av Høgretalarne. Den som for verst var Professor Bugge. Ein kunna og
godt sjaa paa honom, at han kjende Slagi sveid. Han gjekk uroleg
ikring her og der i Salen, og daa han etterpaa tok Ordet kunna ein
godt skyna paa honom, at han kjende seg slegen. Me, som høyrde paa,
fekk liksom ei Kjensla av, at det var Jak. Sverdrup, som var
Professor, og Bugge og Bonnevie var
_
ja, me viste inkje rett kvat me skulde tru dei var.
Loven vart vedtekjen av
Odelstinget slik, som Kyrkjenemndi hadde sett han upp. Alle
Vinstremenn stemde for og alle Høgremenn mot paragraf 3. Sentrum
(Didrichsen fraa Flekkefjord) heldt seg til Høgre.
Me ynskjer og vonar, at
denne Loven skal verta til Lukka for det kristelege Livet her i
Landet.
Publisert