Maalvener
ved Seminararne! Ja,
for eg vil so innerleg gjerne tru, at det er Maalvener ved alle
Seminarar i Landet, sjølv um me høyrer so litet til einannen.
Korleides gjeng det med
Maalstrævet dykkar?
De hev vel so mykjet
annat aa tenkja paa, at denne her Maalsagen fær hjelpa seg
sjølv. Det er nokk altfor mykjet so, alt so lengje
norsk
Maallæra
inkje vert Skulefag ved
Seminararne.
Helder inkje kann ein daa
venta, at det gjeng so fort fram med Maalarbeidet vaart, som
ynskjelegt og naudturvelegt kann vera. Nokot lyt likavel me, som
elskar vaart Maal og vil kallast Maalvener, gjera, sjølv um me
er paa Seminaren og ellest hev so mykjet Arbeid.
Me maa skipa
Maalvenarlag
. Ved Seminaren paa Stord
er, som De hev set i Fedraheimen, eit Maalvenarlag, og ein fær
vona at det er til inkje so liten Framgong fyre Norskdomen. Det kann
vel vera, at de hev sovorne Lag ved andre Seminarar og; um so er,
trur eg likaeins, at Maalvenerne gjerer kvat dei kann for aa vekkja
Elskhugen til aa framhjelpa Bruken av Maalet hjaa kvarandre.
Hev de inkje
Maalvenarlag so sjaa til aa faa skipat slike
.
Gjer det de Gutar, som hev
Elsk til det norske Maalet, og de gjerer ei god Gjerd. Lat oss
likaeins sjaa til aa faa meir Kjennskap til kvarandre og kannhenda
meir Samarbeid og.
Fedraheimen
vil vist gjera vel aa taka inn nokre Ord fraa Maalvener elder
Maalvenarlag ved Seminararne, so me paa den Maaten kann faa høyra
litetvetta fraa kvarandre¹).
Lukka med
Maalstrævet, live Norskdomen!
Stord 17de Mai 1884.
Peter Engesæt.
¹)
Ja, det vil
Fedraheimenmeir
enn gjerne.
Bladstyret.
Publisert