[Tidender.] Fraa Folkehøgskulen i Sandsvær.

 
I Haust fekk Sør-Uppland (Buskeruds Amt) ogso ein Folkehøgskule, med di at dei fekk Kirkeberg til aa slaa seg ned der. Det er ein Valdris, som hev voret Prest i Amerika i fleire Aar og no sist i Danmark. Skulen vart væl motteken og hev alt yver 20 Gutar, mest fraa Sandsvær. Det var gildt, at me kunde faa heim atter slik ein dugande og frilynd Mann; han vil gjera mykje godt. Og det er inkje ille aa faa ein frisk Gust fraa Amerika blaaset inn i oss. Framifraa god Talar er han.

Det var eit Møte paa Skulen den 27de. Medlærar Rudfortalde um Heilag-Olav og Kirkeberg um Korsferderne. Kand. Ivar Mortensontalad um Maalsaki og Stortingsmann Sørumum det politiske Programmet.

Det var so mykje Folk, som Huset kunde røma.


X