Til Styre for de norske Samlag.


Sparbu Umgdomssamlag sende igjenom Fedraheimenføljande Vetak til Styre for de norske Samlag:

Vi (Medlemmer i Ungdomssamlagje) trur, at viss det skal verte noko heilt me Fridomen vaar, at den berre inkje skal koma til aa staa paa papiret; men skal koma til aa verte livande hjaa Folke, so maa vi faa vaart eigje Maal upp i Høgsæte att. De maa koma upp i Høgsæte baade i Kyrkje, Skule og Tingsal. Vert de inkje so, vert de berre Vesal- dom me Fridomen vaar, og vi vert inkje noko Folk, men berre ein Aalmugje.

Vi slutte oss ellest fullt ut til de Vetakje, som Lærarsamlagje i Nordre Bergenhus Amt vedtok, likeleids til de Tillegg, som Vinstreforeiningi paa Frosta vetok.

Sparbu, 28 _1 _85.
For Sparbu Ungdomssamlag

Ola Aalberg