[Tidender.] Pensjonslisturne
hev
voret umhandlad i Stortinget igaar og i dag. Fyrr dei tok paa med dei
serskilde Postar vart det eit Ordskifte um Pensjonssaki i det heile.
_
Ihlenheldt
eit langt Fyredrag, og vilde hava, at Pensjonar til
Statsraadar
skudle vera ei Grein for seg sjølv, som ikkje skulde vera so
umskifteleg som dei andre Pensjonssakar. Det hadde gjort seg ei fast
Vedtekt um dette, som ein ikkje kunde vika ifraa. I gamle Dagar hadde
Statsraadspensjonar ikkje voret under 2500 Spd., men i 1851 vart det
sett ned til 1500 Spd. Velde hadde i 1871 freistat aa faa det nedsett
til 1200 Spd., men det gjekk ikkje, og sidan hadde det voret godkjent
av baade Jaabæk og Sverdrup, at Kr. 6000 skulde vera Jamnen.
_
Statsministar Sverdrup
heldt paa det han hadde meint fyrr, at Kr. 6000 skulde vera som
Maaten, for at dei Menn, som med full Heilhug skulde segja si
Meining, ikkje trengde aa vera bundne til Tinget sin Naade. Og ein
maatte sjaa etter kva som var sømelegt for eit Parti naar dei hadde
med Motstandaranne aa gjera paa den Maaten, ein maatte ikkje lata
Folk faa segja at det kom Hemntankar til Synes.
_
Liljedahl ynskte, me snart kunde faa ein Pensjonslov, so
Embættsmennerne kunde pensjonera seg sjølve, for det Stellet, som
no var, var det verste av alt.
_
Statsraad
Haugland
ynskte
det same, baade han og
Statsraad
Arctander
og
sidan Sørensen undrad seg yver, at Komiteen no vilde knipa inn paa
Pensjonarne, som var sette etter det Maaten, som Tinget sjølv hadde
gjort.
Dei
serskilde Pensjonar: Høgsterettsdomar
Mantheyfekk
Kr. 3500 (Regjeringi hadde søkt um Kr. 5000). Yverretssdomar
Dahl
fekk Kr. 2000 (Komiteinnstellingi Kr. 1600).
_
Landdomar
Morgenstjernefekk
Kr. 2200.
_
Landsdomar
Kaltenbornfekk
Kr. 2200 (Regjeringi Kr. 2500).
So
var det i dag um Statsraadarne
Johansen,
Hertzberg
og
Koren.
Regjeringi vilde hava Kr. 6000, Innstellingi Kr. 4000, eit Mindretal
Kr. 5000.
_
Rindeheldt
paa, at dei skulde hava ingen Ting, og meinte, at slike Karar som
hadde voret berre paa Traassen mot Ting og Folk, hadde inkje noko
fortent.
_
Sverdrup
heldt hardt paa det, at dei burde ikkje sjaa paa slikt, men lata den
Regelen staa, at Statsraadar skulde hava sitt visst. Det var ille
stelt, fyrste Gongen me hadde parlamentarisk Styre, um inkje dette
gjekk igjenom. Han vilde ikkje gjera det til eit Kabinettspursmaal
endeleg, men det var Fylgjurne dei fekk bera, det galdt her um me
kunde venta aa faa hava eit sterkt Ministerium elder berre eit veikt.
_
Steen
kallad det tvertum ei Forfusking av Parlamentarismen, um dei gjorde
som Sverdrup raadde til. Men um han var imot Ministaren her, so var
det ikkje meint som ei Mistillit til honom, denne Saki var ikkje stor
nok Prinsipsak til det, dette var berre ei
Skyns-sak.
_
Innstellingi um Kr. 4000 vart forsvarad paa den Maaten at det var
ikkje for det dei hadde voret Statsraadar dei fekk noko, men det var
tilmaata som for høge Embættsmenn ellest.
_
Endeleg vart Saki utsett til vidare (32 av Vinstre var imot dette).
Publisert