Den ellevte Salmen.


1.Til Songmeistaren. Av David.
I Herren heve eg gøymt meg; kor kann de so segja til Sjæli mi:
Rym til Berget dikan som Fuglar!

2. sjaa berre, dei Gudlause spenner Bogen,
heve lagt Pili si tilrettes paa Snori,
fyr aa skjota i Myrkret paa deim, som heve eit ærlegt Hjarta.

3. Verd Stydjorna kastad i koll, kvat kann so den Rettferdige gjera?

4. Herren i sitt heilage Tempel,
Herren, som heve sin Kongsstol i Himmelen _
hans Augo ser, hans Augnelok røyner MenneskjeBorn.

5. Herren røyner den Rettferdige,
men ein Gudlaus og ein, som elskar Vald, hatar Sjæli hans.

6. Han skal lata rigna Snaror yvir Gudlause,
Eld og Svovel og gloheit Vind er Luten, dei fær i Staupet sitt.

7. Fyr Herren er rettferdig, Rettferd elskar han,
dei Rettlaatne skal sjaa Andlitet hans.