Um Raaheiti


trur eg, eg skulde skriva ei heil Bok, for ho er stinn. Eg hev alletider visst, at i vaare dannede Stænder var det ikkje Gull alt, som glimar, og eg ser det berre plentar og plentar. Det er ymist med Byfolket, men de konditionerede paa landet, u je, jamen er dei verre. Det er underleg, men det tykkjest vera so, at Byfolket i dei store Byarne iallfall, ikkje er plent so uviskleg og syndleg og uskeleg laga, for der tykkjest Raaheiti hava som eit linnare Hugdrag, ho er som veikare der, ho er som meir saftlaus og utarma der, det er som um ho hadde meir Folkeskjemsel og Blygsel der, men her paa Landet, der trur dei paa kvart ord, som stend i Morgenbladet, dei trur meir paa det, hell dei trur paa Bibelen; men no i Kristiania, der hev dei sannrøynt det sjølve, at jamvæl Mgbl. kann ljuge, so dei ikkje trur meir enn Helvti og dei les so mange Blad der, so det snart dustar burt, men paa Landet der er det heile Gledesdagar, dei 2 _3 Gonger um Vika Posten kjem med Morgenbladet, du skulde aldri set, kor heitt dei les det, kvar Smole og Smuttel, og kvar Tott og Duttel, du. Anna stort vinn dei ikkje lesa, men det maa dei hava i seg, um dei so maa snaka og snikje og lygne seg til. Gamle Mennar og unge, Kvende, unge Gjentur, les mest av seg Holdet, so ingen vil hava dei, Barnsungar tess hell _ jau. Det er plent ein Spegjel. Men du veit det, det er herifraa dei fær sin Aands Næring og daglege Upphelde, og kven vilde dei var fine, naar det ikkje vart spurt, at dei las Morgenbladet, og kva skulde dei hava aa tala um, naar dei kom saman, naar dei ikkje der hadde ei Gullgruve med vællaga og tilhøvde Spitord og Skarvord og Slengjeord, som dei kann venda, kor dei vil. For den, som les Morgenbladet, han vert soleis laga, at han kann tala med um alle Ting, ja tala overlegent med um alle Ting, han vert aldri ibeit, han stend aldri fast, og daa vert ein kalla dana, daa er han kondisjoneret straks.

Bue.