Langt fram i Tidi.

 
Det hadde komet upp ei ny Lære, som hadde sett Støkk i baade Prestar og andre. Læra var ikkje sett fram med reine Ord og med Krav paa aa avløysa Statens Religion, men det fanst so mange Innpaaleikingar og Burtpaatydingar i ymse Bøker, at Folk kjende seg ikkje plent trygge. Alle slike som ikkje var haldne for fullstøde i Trui vart kalla for Fritenkjarar, og der vart væl sagt, at denne 
Fritenkjarskapen ikkje var so faarleg, daa han for det fyrste berre var ein veik Reaksjon elder eit Bakslag av gamall Heidendom og Ovtru, som upplyste Folk hadde gjevet fraa seg for lange Tider, soleis naar dei negtad Statens Gudar og tok seg ut 3 gamel Gudar, som ikkje var nasjonale eigong, ja korkje evropæisk elder amerikanske, forkastad alle Kulturgudarne og Kulturfestarne, og heldt seg til nokre gamle fraa langt burti Asialandet og daa allvist ein, som vart drepen i ein ung Alder, eit vælmeint Menne vistnok, men noko einfengd og ikkje umfram andre Stormenn fraa nyare Tider i nokon Ting, ein Jøde som heitte Jesus fraa Nasaræa, og som vaare Forfeder dyrkad i Heidendomen sin, fyrr Kulturreligionen vart Stats-Religion. For det andre var Moralen deira unaturleg og tilmed noko usedeleg, soleis naar dei preikad um, at ein Mann skulde halda seg berre til eit Kvende, noko dei kallad for Ægteskap, ein Ting som var avskaffa for lenge sidan.

Men likevæl saag det ut til, at den nye 
Læra drog mange aat seg, det var sume som paastod, at ved Storskularne skulde dei fleste av Ungdomarne lika Lærdomen og slutta seg til Læra med ein Eldhug og ei Tru, som sette otte i mangein Prest, og som ogso gjorde Likesælingar rædde, so at alle som vilde gjelda for Samfundsstyttur gjorde Samlag imot, og smidde Lekkjur av alle Slag til aa hindra Læra fraa aa koma fram.

Det var iser Diktaranne, som dei var mest rædde. Fyrr hadde desse helder hjelpt fram Statens Religion og Moralen i Bøkerne deira hadde voret ulastande, og difor hadde dei ogso fenget Diktarløner, men no paa det siste hadde dei vendt seg meir aat den nye Læra. Soleis hadde Storskalden Ulv Ulvson heilt fram sagt, at denne Kulturreligionen berre var noko Heidenskap og Moralen stod til Forfalls.

So kom det ein ny Diktar, heitte Bielland, han skreiv ikkje um religiøse Ting, men gjorde Forteljingar, som alle var framifraa vælskrivne, men dei fann Ting der, som dei meinte, synte at han ogso var av den nye Læra.

So kom det Søknad aat Tinget um Diktarløn aat honom. Det vart eit kvast Ordskifte; Innstellingi gjekk ut paa, at han inkje skulde hava, fordi han ikkje arbeidde for den same Religion og Moral som Fleirtalet hadde. Ein Prest og ein Klokkar førde Forsvaret for Innstellingi, dei las upp av Bøkerne hans nokre Stykkje, som skildrad Menn, som sagde at heile Kulturreligionen var det ingen Mun i, eit Menneskje traadde etter meir, enn ein slik veik og tom Religion, det var meste Hyklarskap med alt i hop, endaa han hadde daa ogso skildrat ærlege Menn, som hadde full og fast Tru paa Statens Gudar. Av ei anna Bok vart det leset upp ei Skildring av eit Kvende, som berre hadde ein Mann kjær i heile sitt Liv; dei kunne ikkje koma isaman desse tvo. Men likevæl sagde ho det, at denne Kjærleiken gjorde henne sæl for heile Livet, ho traadde ikkje etter meir. Det vart sagt, at det kunne vera faarlegt for Ungdomen, um dei fekk fat i slike Bøker og sette seg slike Idealar. Men det vart tala varmt for at Diktaren skulde faa Løni likevæl, og det av Menn, som sagde, at dei var ikkje einige med honom, men dei trudde, at i slike Ting skulde ein ikkje ganga etter sine eigne Meiningar, men gjeva Rettferd aat alle. Og det var so stort Frisinn i Tinget meinte dei, at slikt maatte ganga. Og det trudde alle. Men paa Slutningi av Ordskiftet kom det fram ein Jurist, og sagde at Saki kunne væl vera god i seg sjølv, men det var noko som heitte Samanheng og Rettfylgje i Politikken, so her gjorde, at han imot si Hjartans Meining her maatte segja nei. For ei slik Sak som denne hadde voret framme fyrr, det var i Aaret 1885, som dei kallad det daa, elder som me no kallar det (og han nemnde Aarstalet etter den nye rekningi) at ein Diktar vart avvisa, fordi han truddest aa arbeida imot den vanlege Religion og Moral, og eg for min Del, sluttad han, vaagar ikkje her aa avsanna vaare gjæve Fedrar, som grunnlagde heile vaar Fridom, det vilde for meg vera aa gjeva heile vaar Utviklingstid eit Slag i Andlitet.

Denne talen gjorde Umslaget, jamvæl gamle Haarrekk som hadde fenget Bot for sine frie Ord um Statens Religion, fann at me stod i so stor Gjeld til Fedranne fraa den Tid, at me ikkje kunne gjera noko Brigde paa deira Avgjerder. For deira Ord dei stod som ein 
Grunnlov for honom.

Forslaget vart forkastat, og Staten fekk endaa ei Stund hava sine Gudar i Fred og Ro.

Einkor.