Stortingsvali.
IV.
(Del 7 av 9.
Fyrste delen.)
Korleis
bør Tingmennerne no vera lagad?
Det
er sume, som meiner, at ein fyrst og fremst bør sjaa til aa faa inn
gode Talarar i Tinget. For naar dei ikkje ser att mange Spaltar fraa
Tingmannen sin i Stortingstidendi, so trur mange, at han inkje er
noko dugleg.
Dei
mæler honom likesom med Metermaal. Men det kann likevæl vera baade
av dei duglegaste og av dei som hev mest Vyrdnad og som det vert mest
set etter i Tinget, um ein ikkje ser so mykje ifraa dei. For i
Komitearne er det, at Arbeidet vert gjort, at Kunnskapen og Dugleiken
mest kjem fram; det er ikkje so reint ofte, at eit aldri so godt
Ordskifte i Tingsalen kann umhuga nokon og vinna fleire Røyster for
ei Sak. Kvar hev si Meining ferdug, fyrr Saki kjem til Forhandling,
so at det ofte er meir for den som er utanfor enn i Tingsalen, at ein
held Talar. Og hev ein noko aa klaga paa Tinget, so maa det helder
vera, at der vert talat altfor mykje enn for lite. Saker, som hev
voret frame mange Gong og som er so utgreidde, som dei kann verta,
vert uppattrødde i det endelause, so der stundom kann rørast og
fløkjast isaman, der ingen Floke er, og so endar det kanskje med, at
heile Saki vert sett ut. Det kostar Landet Pengar alle desse lange
Talarne, og Tinget vert aldri ferdugt med det som det skal, um det so
sit langt utgjenom Sumaren.
Og
ikkje er det mange elder, som kann halda lange Talar utan aa taka upp
att det som er sagt fyrr. Nei høvelegste Tingmannsemne er den, som
kann segja si Meining klaart og greidt og nemna stutt kva Grunnar dei
stød seg til. Thomesen og Jaabæk hev det paa det Laget, dei er gode
Talarar. Lat oss faa mange slike. Me hev betre Bruk for lange Utlegg
og Fyredrag utanfor enn i Tinget.
Skal
Stortinget vera fullgod Berar for Folkestemningi, so var det godt um
det so mykje som mogelegt hadde Menn fraa alle Samfundsklassar og at
dei ymse Bygdelag i Fylkjet hadde sine Menn. Men det trengst ikkje
endeleg um, at det skal sendast Menn, som er fraa same Bygdelaget;
det kann gjerne henda, at eit Bygdelag kann finna høvelegare
Maalsmenn for seg paa andre Kantar i Fylkjet enn dei hev det sjølve.
Noko som skulde vera meir ansande etter, var at dei ymse Tenkjemaatar
Aldrar og Utviklingsstig og gjerne Livsvilkaar i Folket burde
repræsenterast. Det var ikkje væl um det vart sent anten berre av
Ungdomen elder Alderdomen iveg, men nokon som høyrde til dei eldre
Ættlag og nokre til dei yngre Framstigemenn, daa vilde det jamnast i
hop, so det ikkje vart anten for seint elder skjott etter Bygdehøvi,
men Maaten vart passad.
Det
bør vera vituge og praktiske Menn ein sender til Tinget, ikkje
slike, som gjeng med for mange Teoriar, slike kjem det sjeldan noko
verkeleg nyttigt ifraa. Helder ikkje bør det vera Menn, som hev for
store Tankar um seg sjølve, dei kjem berre til aa gjera Skade.
Annleis er det, naar det er Menn, som
stiller
seg sjølve
til aa veljast paa. Det var ikkje ille um det kunne verta meir Skikk
dette.
Det
er so trugje og greidt. Hev ein Mann umframs Tankar og Synsmaatar som
han gløder for og strævar for aa faa ført fram til Utslag, so vil
det vera ei Trong for honom aa faa vera med aa avgjera desse Sakerne;
han vil freista aa faa koma paa Stortinget, og daa melder han ifraa,
at han gjerne vilde verta vald. Men her er skikken den endaa, at
slikt vert haldet for Skamm, det er likesom dei
vil traa berre etter Løni og sovoret, heiter det. Men daa skulde det
væl vera større Skam i aa søkja Kongen um eit Embætte paa
Livstidi veit eg, enn aa søkja Folket um aa faa gjera
Tingmannsgjerningi eit Triaar.
(
Meir.)
Publisert