[Tidender.] Ein fæl Mann.


Vestlandsp. for 14de d. M. skriv: Igaar skulde ein Mann i Haaland, Tønnes Kollnes, takast av Politiet og verta førd til 
Trondheim for aa sona ei Straff, han var dømd til. Lensmannen der i Bygdi vilde naudig hava noko med Tønnes aa gjera, difor fekk Lensmannen i Høyland Paalegg av Futen um aa setja Tønnes fast. Lensmannen tok daa til Kollnes; men Tønnes hadde væpnat seg med skarpt og sette seg til Motverje. Lensmannen kunne daa ingen Ting faa gjort, difor drog han til 
Stavanger og fekk med seg 3 Politimenn og 4 _5 andre, og so tok heile Flokken til Kollnes. 
Dei bad daa Tønnes gjeva seg yver med det gode; men det hade han ingen Hug til. Han stod innanfor Kjøkendøri med ein Kniv i kvar Hand, reide til aa taka mot dei, som torde koma. Ein av Politimennerne kom seg inn i Stova fraa ein annan Kant, og støytte til Tønnes, so han laut ut paa fri Mark. Der stod dei andre og ein Vognmann ferdige til aa taka han; men det var inkje so lett gjort. Vognmannen fekk Trøya si sundskori, og ein annan fekk eit Knivstikk i Laaret og eit under Brjostet. Endeleg fekk dei Jarni paa Umenneskjet og førde han til Stavanger. Mannen er kjend for aa vera ein Graabein, og han hev fleire Gonger voret i Straff.