Nye Tingmenn i Telefylket?
Hev
me Bruk for fleire nye Tingmannsemne for Bratsbergs Amt no? I
Varden
huserar dei alle dei som vil hava nye Tingmenner, og dei hev funnet
fram ei heil Mengd. Eg vil spyrja: Kva galet hev dei gjort dei tri,
som kann veljast uppatter av dei gamle? Eg hev kje høyrt anna fyrr,
enn at Telefylket hev voret repræsentera med Ære. Agte no paa kor
sløgt Høgre fær aat. No set dei fram som nye Olav Midbø fraa
Mosokn og Halvor Tveiten fraa Bøherrad. Desse er sovidt me hava vist
um, Vinstremenn baade tvo; men Høgre tenkjer væl som so; kunde me
berre faa ein
lut
av Vinstre til aa bita paa den Kroken, so fengje me kløyve Flokken
og kanskje sitja att med heile Grisen. I alle fall vøre dei
kje so leide for høgre som dei me hava havt; men det veit me er for
Vinstre det sama som, at dei inkje er so dugande. Lat oss endeleg
verta samde um dei tri me hava havt
_
dei vita me hot dei er til; men um dei nye er me igrunnen inkje sikre
paa nokon Ting. Dei, som er so rædde paa Kristendomens Vegne, vil eg
spyrja: Er de sikre paa um desse ny framsette
_
Olav Midbø, Halvor Tveiten, Jon Killand og fleire
_
er mætare Menn hell til Dømes Tommesen? Talemaatar vøre lite aa ganga
etter, og um desse veit eg inkje, um me hava igaang sovorne.
Med
Avsyn paa dei Kyrkjeumvølingar, som no er paavangje, totte eg det
vøre kje gale, um V. Ullmann kunde verta Tingmann. Han er dugande
_
vita me
_
som faae, og so høyrer han til den grundtvigske Retning.
_
Det Jakob Sverdrupske Kyrkjelovsfor-slag hev Stytte nok fraa
Regjeringi og den pietistiske Sida; men eg synest, at det
grundtvigske Syn helst skal hava den Lykka aa verta kjøvd
ned, og det er inkje Rett. Lat Saki faa Talsmenn fraa den Sida au,
det totte eg ein laut segja vøre billigt, um ein inkje nettupp, som
eg, held fyre, at dei er dei, som i Kyrkjespursmaal hev ovmykje
tidaste rett.
Vinje
13/
8
85.
A.
Publisert