[Tidender.] Bauta for Ole Vig.
Sundag
Ettermiddag den 23de var ein Høgtidsdag av beste Slaget i Stordalen.
Ein stor Menneskjehop hadde samlat seg for aa minnast ein Sambygding,
ein av Landets beste Søner; ein Bautastein var reist til Minne um
Ole Vig og vart innvigd no Sundagen. Steinen er kring 8 Alen høg,
firkantat og uhoggen, slik som han fanst i Naturen, berre inhogget
Namnet Ole Vig, inkje meir; Namnet segjer nok sjølv; han stend høgt
yver Dalen, paa ein Berghaus, som stig upp attmed den Husmannsstoga,
som Vig er fødd i, paa den Staden, der han sjølv som Smaagut so
mang ein
Gong hev setet og drøymt og set vidt utyver den fagre Dalbotn og
Fjorden og Lierne og dei blaanande Fjell i Bakgrunnen.
Klokka
kring 3 ½ gjekk ei Ferd med Musik, 3 Skjotarlagsflagd og ein
Goodtemplarfane ut fraa Skulen Ole Vigs Minde paa
Størdalshalsen ei halv Mil til Vikmarki; fleire kom til paa Vegen,
og daa Ferdi svingad seg uppyver Lidi gjenom Olderskogen, var det alt
fyrr komet mykje Folk uppaat Støtta; ho var klædd med Kransar og
fire reine Flagd spentest stramt ut av ein frisk Vind. Ikring eit
Tusen Menneskje samlad seg no rundt Steinen, nedyver Berghausen og i
eit Oldersnar. Eit Stykkje nedanfor Støtta i Livd for Vinden stod
Talaranne.
Fyrst
talad Presten Fr. Wexelsen so varmt og godt som eit Menneskje kann
tala um ein kjær hedanfaren Ven, fortalde um honom som Menneskje og
Fædralandsven, um hans Liv og hans Verd for Landet. Deretter talad
Folkehøgskulestyrar Schrøder fraa Danmark, Dr. Holmberg fraa
Sverike. Kuløy, Folkehøgskulestyrar Baagø fraa Danmark, H.
Wexelsen, Amtsskulelærar Vik o. fl. Høyem talad djervt og godt paa
norsk for Maalsaki. Hurra vart ropat for Norge,
Sverike,
Danmark, Maalstrævet o. m. a. Mange vakre og gode Ord vart talad um
Vig og um anna, mang ein vekkjande Tanke vart kastat ut blant den
store Folkemengd. Fyrst etter at det hadde byrjat myrkna, slutta
Talaranne, og Folki tok paa aa reisa paa seg, og yver Kl. 9 sluttad
den hyggjelege Folkefesten. Faneferdi gjekk sin Veg, andre til andre
Kantar. Eit kvikt Huglag var komet yver Folket, og Heimmarsjen gjekk
med Musikk og Song og Skjemt.
A.
J
.
Publisert