Aat Olav Jørundson


(i Fedraheimen No. 61 um Trælar under Skikken ).

Olav Jørunson tykkjer so hjarteleg vondt um Gjenturne, segjer han, dei, som skal plagast med det varme Ullemusselinsturklædet til Kyrkja um Sumaren i heitaste Solsteiken, so dei veit snaudt kor dei skal gjera av Andlitet sitt. Solbrende og ille lagad vert dei og. Han gjev dei daa det beste Raad, han veit, og det er kaup dei Straahattar Gjentur, jau regtig jau! det vert no vel lengje, fyrr Verdi vert so vrang likevæl, at Bondegjentur tek til aa stasa seg upp med Hattar vil eg vona. _ Nei, eg trur ikkje, det var nokor god Gjerning aa brjota med den gamle Skikken, allvist i Klædi, for eg tykkjer, at okkons Klædi er likso fine og mykje høvelegare for oss enn Byklædi. Og i denne Tidi, naar alt det gode gamle skal koma til Æra, vilde det sjaa bakvendt ut, um me Gjentur skulde ganga so radt utanum alle Grensur, at me skulde kasta vaart gode gamle Hovudplagg og laga oss so reint til Nar, at me tok Hatt istaden.

Nei Gjentur og Gutar i Telemork! hald paa dykkar gamle Klædi so fast som paa dykkar Maal; dei høver so godt isaman.

No, um dette her Ullemusselinsturklædet vil eg berre segja: Det er ikkje so varmt, som Olav Jørundson meiner, dei er tunne og lette, og so kann me bruka dei so smaae, at me berre knyter dei under Hoka, og so draga dei langt fram, so trur eg, me skal verta likso godt vara mot Solsteiken med dei, som om me hadde Straahattar.

Ei Venbyggje .