Hjaa ein Meistarspilemann.

 
Ikkje langt fraa Veum Kyrkje ligge Gardarne Tveiten og Lie. Naar ein reiser etter Postvegen, ser ein dei upp i Halli med Skog umkring og eit Fjell ovanfor. Det er som at evnerike Folk serlag trivst her, for her bur baade Meistarspilemannen Petter Veum og Diktaren John Lie, straks innved kvarandre. Ein hev ei fin Utsyn framanfor seg, naar ein er upppaa desse Gardarne. Straks nedanfor ligg den kvitmaala Kyrkja med sitt rake Taarn mot Sky og utanfor og ovanfor ligg Fyresdal brei og bein med ei Aa midt ned i Dalbotnen og Fjell paa baade Sidur. Der er vænt, naar Soli skin, og ein ser gjenom den friske Luft kor Aasarne blaanar langt burte. Roan og Høgenut er dei stautaste Fjelli. Høgenut ligg noko langt ut. 
Den ser rund og støleg ut, og er paa
Baksida klædd med Skog, men paa Framsida mot Dalen, er slett og bratt. Roan ligg ovanfor Tveiten atte. Den er au høg og stor med mest nakne Skarvir uppivi. Den øvste Kullen er her au vond, og Vinden ruskar innivi Steinar og Lyng.

Daa eg kom upp til Petter Veum laag han og las paa ein fransk Roman, som han hadde fengi laant. Daa eg kom inn kasta han Brillurne og Romanen og sprang upp. Han tok i litt paa dei nasevise Flugurne, som ikkje vilde gjeva han Ro og byrja so paa aa røda um noko anna.

Han er gamall no Petter, men endaa kvik og lett som ein Ungdom, og gjeld det rektigt fær dei han enno til aa spila i Lag og Brudlaup; for skal det vera rektigt gildt maa dei faa fatt paa gamle Petter, for daa plar der bli meir hell vanlegt Liv i Lagi.

Daa det leid paa Kvelden bad eg han spile litt; han tok fram Feleskrine, opna det og der laag Fela hans varleg innsvept i eit Turklæde. 
Han kasta det tilsie og tok Fela fint fram, strauk den lange granne Bogen sin paa eit Harpeis-stykkje og gjorde so nokre Drag paa Strengjerne. Men Fela var vist ikkje stelt godt nok, han byrja aa stille. Han gjorde atter nokre Drag med Bogjen, endaa var det ikkje rektigt, han maatte til aa stelle atter. Endeleg hev du daa stellt nok no, tenkte eg, for han sette Fela mot Bringa og strauk upp ein Springare, men det varde ikkje lengje fyrr han slutta atter. Nei, eg blir for gamall no, sa han, kleia seg bakum Øyra og spytta.

Men no stellte han ikkje so lengje, han byrja aa spile straks, og eg høyrde med det same, at der var komi eit anna Ljo i fela. _ Det var no snart Springarar, snart Gangarar etter kvarandre i rjukande Renn. Av og til stansa han millom Slaattarne for aa stelle Fela atter, men det blei mindre faarlegt med Stellingi ettersom han blei varmare og varmare av Spile.

Naar han so vilde til aa spila atter, vætte han paa Fingrarne, og so gjekk det paa ny.

Eg sat og lydde og lydde, og Tidi gjekk so fort, at eg aldri gaadde aat. Snart Glei, snart skjerande Sut, snart det ville Mot, talar til oss gjenom dei mange Vendingar i Slaatten, det rører ved Hjartans finaste Strengjer. _ Eg finn mykje større Djup i desse Slaattarne hell i Bymussikken.

Men um der kjem nasjonale Spilemenner i Byarne, trur eg ikkje, at dei med sitt Spil bli rett forstane. Kristianiafolkje med sin Gate- og Salong-poesi maa helder hava eit Frøken med visna smaa Hendar og Haari uppsett etter nyaste Moti til aa tromme eit Notestykkje paa eit Piano for at dei skal tykkje er nydeli.

Petter Veum trur eg er ein av dei beste nasjonale Spilemenn her er. Eg hev høyrt Halvor Lie spila, og eg syntest ikkje, han var det mindste betre hell Petter Veum, _ um han var so god.

Og Telemarki er stor, og der er mange Spilemennar _ kven kann vel sikkert segja, kven er best anten desse tvo nevnte hell andre?

 
Bk.