Kaffityning.
Det
vart seint, men eg vil svara
Bergoeitpar
Ord. Han trur, at Arbeidsmannen gjev Kaffien ein god dag, naar han
fekk meir Betaling for sitt Arbeid. Det var godt um so var, men so er
det inkje. Eg kjenner
i mengdevis med Arbeidsfolk, som hev gjort Streik, og mange er det
og, som arbeider langt under vanleg Betaling, naar dei berre fær
Kaffi so og so mange Gonger utom det vanlege. B. vil inkje at
Bønderne skal slaa seg saman og gjera Vedtak um aa minka Kaffidrykk.
Veit han daa nokon betre Utveg? Men det gjeng nok inkje med det, skal
eg tru, at ein preikar i Tid og Utid for Folk um at Kaffien er
skadeleg o. s. b. Dei vilde berre læ aat slikt Prat. No hev eg
brukt Kaffi i so og so mange Aar, vil kanskje some svara, og
aldri hev eg merkt noko mein av det.
Tvertum!
Eg vert reint som uppatt-nya kvar Gong eg fær ein Kopp Kaffi. Ja,
det er nettupp Ulykka det, at dei er so innbarka i Kaffidrykk ved
lang Bruk, at dei kjem i Ulag kvar Gong dei inkje fær han som dei er
vande med.
Og
so ven dei Borni sine ogso upp til aa bli Kaffidrikkarar, derved og
kjem me aldri eit Steg lenger, kanskje sig berre djupare og djupare
ned. Eg trur difor det var bra, um baade Gardmenn og Husmenn kvar i
si Bygd slog seg isamen og sagde som so: Fraa idag av skal det
vera slutt med all denne Kaffidrikkingi, som berre er til aa søkkja
oss ned i Gjeld og øydeleggja Helsa vaar. Til Skjenk vil me heretter
berre bruka Øl og Mjølk.
Det
skulde vera hugsamt, um eikor Bygdi vilde prøva med eit sovoret
Tiltak. Eg trur det vilde møta mykje Motstand i Fyrstningi, men um
nokre Aar vilde alt jamna seg, so alle var nøgde. I Valdris, der som
eg er best kjend, er det iallfall slik, at Arbeidsfolki jamleg hev
Bugti og baae Endarne. Dei skruver upp Lønerne Aar for Aar og
Bønderne maa betala. Naar no desse store Lønerne kunde vera til aa
hjelpa Arbeidaren noko, var det bra; men det er som oftast inkje so.
Lauskarar og Gjentor kauper Lønerne sine burt i
Stas
og Fjas hjaa Kræmaren, so dei ofte inkje eig so mykje som til ein
Skinnfeld hell ei Gryta, naar dei gifter seg, hell ogso reiser dei
ofte til Amerika, naar dei er sovidt sparsame dei fær seg Billett.
Mykje gjeng og i Kaffi og Tobak.
Som
eg ser, er B. einig med meg i aa banlysa Kaffien; men me blir derimot
inkje ganske samde um, kva me skal bruka til
Drykk
istaden. Han vil berre hava Mjølk. Mjølki er god, overlag god; men
eg trur det var bra, um me brukte lite meir Umbyte baade i Mat og
Drykk enn me gjer. Det er helder inkje
sagt, at me altid kann faa tak i søt Mjølk. Upp i Fjelldalom, der
dei jagar Fe ei 2
_3
Mil til fjells um Sumaren, der er det inkje godt um søt Mjølk, skal
eg tru. Øl og Vatn er daa einaste Drykk, som er reide for Handi med
di sama, og eg trur ingen hev Skade av aa drikka Utystin sin av
friskt heimebryggja Øl. B. likar inkje Øl avdi det er Alkohol i
det. Aa drikka mykje Bayersk-øl veit eg inkje er bra. Men naar B.
gjeng so vidt, at han inkje eingong toler den vesle Alkoholen, som
finnst i heimebryggja Øl, vil eg faa Lov til aa minna um det egte
gamle Ordtøkje: Altfor reint hev ingen Smak. At dei sume
Stader brukar so stærkt heimebryggja Øl, at det jamvæl vært
rusande, veit eg, men det er visst inkje mange Stader. Slikt Øl
vilde eg inkje hava; men det maa helder ikkje vera
forveikt,
slikt som dei hev det mange Stader innpaa Flatbygderne. Eit
Avhaldsblad ankad i Sumar yver, at Folk tok til aa drikkja so mykje
Bruslimonade. Naar Folk gjeng so vidt, at dei inkje likar korkje godt
heimebryggja Øl elder Bruslimonade fordi om det frøyder seg
lite ovanpaa, er det berre aa læ aat.
Drammen,
24/
8
85.
Ola
Viking
.
Publisert