Paa Svafjell.

 
Vinden tusar og Skyi sviv ut yver Heidar og blaae Fjell, ut yver Dalar og Bygder. Det er Moe der uti; daa er det kvitare burtpaa Risterne hera, der Snjoflekkjerne ligg millom Aur og Yre, graatt og kvitt.

Skuggar fell av Skorvefjell, Dalen er so djup, der bur det Folk nedi. Men her susar Vinden, her leikar Skyerne; hei kor dei dansar, med Vinden blæs.

Skrabbelege Nutar, skrukkutte Haller og Smaakvelvar, og so eit Ufselag beint ned i 
Tjønni; der er det grøne Vollar, der kvitter og raudnar det paa Kyr og svortar paa Gjentur. Aa du leikande Liv. _ Men eg ser helder paa Skyerne, dei leikar friskare, det er min Buskap. 
Mannaheimen er so bleik, det lig berre Røyk uti i alle Bygder, dimt og tjukt; fylgjer det med Menneski det? Det er berre paa Møsstrandi det er klaart, men so er det kaldt der.

Eg vil setja meg paa Skyi, rida um Land og Strand; sollyste og reine sviv dei med lette Vengjer og kastar sine Skuggar yver Dalar og 
Fjell og store Byar; sjaa berre burti Møsstrands-heiderne, det er romsamt der, sjaa kor det bivrar og bragar, i Springdans fer dei, skjotare enn 
Reinen, yver Haug og Hamar, yver Flott og Flæ.
 
Gauksto daa, kvi stend du so gribben og grøteleg, du som er so væn og smiler for kvar ein, som kjem upp Vestfjorddalen? Her er du so gamall og gubbeleg, med djupe Rukkur i Panna, utlivd og hugsprengt. Og det løyner du for Aalmugen, liksom andre Droser og 
Drengjer, daarande og blanke, dei er og tvifelde og tvibytte i Hugen, og løyner sitt Huglynde for Aalmugen, slengjer sine Ord, ringlar Tankarne sine, og sender dei att og fram; dei skundar seg ikkje meir enn Aai der burti Bakheidarne.
 
Du hev ingen Hast du, Krull i Krull, Ring i Ring: som ein stor Orm ligg du svartblenkjer. 
Der ligg du dirrar uppi Tjønni under den svartskuggad Nuten og skvalar dine Bylgjur imot alle Strender. Koss vel du din Veg? der er Floget paa ei Side, kvi kjem du ikkje sendande der utigjenom alle Ufser med skumande kvitande Sprøyt nedi grøne væne Sæterdalen? Nei du skal austigjenom alle Myrar, i alle Lægder skal du gøyma deg, i logne Svartestilla.


Blaase upp Vindar, her vert meg for stilt, eg likar ikkje Svartestillur, reise Bylgjurne med Brim og Brot og frøsande Skavlar; fare utgjenom dei trygge Bygder, vekkje dei or Draum, storme upp dei valne Tankar!


Milde og klaare er Hallerne til Gauksto, vide, vide Leite, der er stilt og Fred. Det skin yver Austlandsaasarne, myrkeblaatt; bakum Blefjell er det myrke Skystraumar, det regner i Numedal. Eg vender mine Augo mot Vest. 
Der ser eg ein Glims av Totak, som eit Auge langt nedmillom Fjelli. Eg ser mot Fjellborgi langt i Vest, lyfter seg smaatt um Senn ifraa Sætesdalsheidarne, høgjer seg og aukar, buglar seg fram i ein stor Runding, alt burti Numedalsleiti heilt til Hallingskarvet og held Telemarksbygderne i sine Armar. Gjenom Bitdalen lyser det inngjenom til Viddi; der er mine Fjell, klare som min ljosaste Hug, blaae som min fagrarste Tanke. Og sjaa vyer Fjellborgi leikande Skyer som Fuglar og Skip, drivande for Vinden; dei krullar seg ihop, nei sjaa det er Englehovud med kvite Vengjer, som dei slær til Side, og eg ser gjenom Portar innetter Fjell og endelause Vidder og blaanande Jøklar i glitrande Glans.

Uppyver stend ein svart Skybott, myrk som Toreguden sjølv, men Soli fargar Kantarne med ei lysande Rand _ han smiler.


Skin Sol, lat Nutarne faa glima. Aa nei sjaa nedi denne vesle Dalen, kor god og væn, grasgrøn til dei øvste Lider, der er det Snjoflekkjer heile Sumaren til aa gjeva Blomar og Straa Friskleik og Søte. Skin Sol, lat ikkje Skuggarne falla, lat Hestarne faa hava det godt, dei skal snart heim til Onni; og lat Kyrne faa koma heim i Fred, lat det vera mykje Mjølk i dei.


Eg ser nedi den blanke Tjønni; likeso klaart og bjart er mitt Sinn. _ Eg ser utyver Heidar og blaae Fjell; Ljos, Ljos yver heile Himelsynet, hundravis paa Mil, og Kveldsoli skin yver Flott og Fly. Lett er leikande Hugen min.


X