Per Sivle
hev
skrivet ei Soge i
Nyt Tidsskrift(4de
Heftet) um Berre ein hund.
Den
Soga likar eg.
Per
Sivle er ein Vossagut, men han hev haldet seg mykje paa Austlandet.
Han hev gjort mangt, som Vossagutar ikkje burde gjera: han var
Bladskrivar paa Dansk, og i fleire Maatar so burtslept i dette
Maalet, at eg fælte det var ikkje Karvon i han lenger. Eg for til aa
syta han, som eg hev sytt so mange, som hev baade Maal og Givnaden,
at dei kjem seg burti Heimløysur og Ukville, og vert sitjande i
Efsitane all sin Dag, so ein fær ikkje spurt dei meir.
Men
so spratt han til og klemde fraa seg nokre Visur i
Fedrah.:
Thord Folesson;
minnest De den? ho stend no i den nye norske Lesboki Garborgs og mi.
Betre
Maal og betre Vise det hadde eg ikkje set paa lenge, Versi gjekk so
sterkt og dunelegt, og der var Flog og Flaum i det, so det var
heiltupp svimrelegt. Og so no denne Soga her, det er same trauste
Laget, sterk og støleg Foteferd, det er berre so det skranglar i
Lagklauvom. Eg trur han hev sprengt seg utor Fillehamsen no og stend
kaut og fri.
Eg
er so glad i kvar slik ein Trysjar, at eg kann ikkje segja det.
Stundom er eg reint ottsam for, at her vert for mykje Filledom og
Lappeverk millom oss, og at Maalet vaart skal verta upp i skire
Flogvitsløysa. Men hau, der kjem det ein heilvoven vaksen Kar. Halt
fram Per, som du hev byrjat!
Eg
maa segja, at eg hev havt minder Tru paa Bergensmaali no eit Tak. Eg
fælte for, at dei kunne vera skruvlad og skrøytte upp meir enn dei
kunne gjera rett og Like for. Slik ei Brikne og Skripen som der kann
vera i Ljodadraget og Klangen, so hev eg likevæl ikkje gaatt det
Gagns-itaket og Meistarslaget i Framføringi, i Tankefelling og
Ordvending, som eg hadde ventat meg av dei Maali. Eg totte, at det
var med so fælskleg lett eit Samvit, at Vestmannen kunne bruka Knot
i Tanken og lata all Ting glida ned, berre det høvde so nokorleis
med Formerne. Um det skulde vera aa velja dessimillom, so vilde eg
helder hava norske Gutar i danske Klæde, enn eg vilde hava danske
Vendingar sveipte i norske Klutar, det segjer eg hugheilt. For Knot i
Tanken det er likeso ille for eit Maal som Sopp i nytt Hus. Men eg
maa segja, at det Per Sivle hev skrivet tek den Otten reint ifraa meg.
Han reiser heilt uppatt Vyrdnaden min for Bergensmaali. Naar eg les
Stykki hans, so finn eg mest ikkje noko Knot, utan i Smaadragi her og
der. Men der er slik Heilskap i Itaket og sjølve Tilemningi, at det
er ein Hugnad aa sjaa; han
kannHeimemaalet
sitt Sivle, og han kann faa fram det sermerkte ved det, um han ogso
brukar Landsmaalformi; det hev ein Friskleik ved seg, som eg kjenner
for ægte. Det er baade Bygdemaal, men meir enn det; og det er
landsgildt Maal, men likevæl
ikkje tungt og stivt. Det hev eit Landsmaals Stødleik og eit
Bygdemaals Rikdom og Liv; slikt er det nett Skriftmaalet vaart skal
vera.
So
den Guten treng ikkje meir springa yver Brikarne og fara sjøkla og
ussa paa framandt Tile. Han er so trygg og heimakomen paa sine
heimelge Grunnar, at han kann fara der det for Folkefot farande er,
og gjerne føta seg tverbergs etter alle Nutar.
Ivar
Mortenson
.
Publisert