Stortingsvalet for Telefylket.


Hr. Bladstyrar! det ser ut til, at her er mange, som vil hava nye Stortingsmenn for Telefylket. Dei stiller fram ein her og ein der. Det er ikkje berre aa finna ein i Staden av Bentsen; dei vil hava nye i Staden av Thomesen og Rinde au. Thomesen og Rinde hev voret so ukristelege, segjer Oftedals Tilhengarar. 5,000 til kvar av Aprilministrarne sagde dei nei til. Korleis kunde ein Kristen segja nei til slikt? So er det Professorløni til Dr. Bang, segjer dei. Thomesen og Rinde sagde nei; difor vil ikkje dei Kyrkja sin Beste. 
Tru det var so væl, at det var til Kyrkja sin Beste alle desse vællønte Statskyrkjepostar. 
Gud give, at Trui og Kjærleiken maatte auke hjaa dei Kristne for kvar vællønd Embætspost, so var Pengarne væl farne. Men eg trur no det, at det er dei, som fær Postarne, som det er best for. Thomesen og Rinde røysta mot 50,000 til Auking paa Prinseløni, 15,000 til Aprilsnarri, 4 til 6000 til Bang, i alt umkring 70,000; men so røystad dei for 1600 til Diktarløn aat Kielland. Mærkværdig Sparsomhed, underligt Arbeide til Kristendommens Beste, segjer ein Innsendar til Brats. Amtst . Aa røysta for dei 70,000, og mot dei 1600, det meiner han just er den rette Sparsemd. Eg undrast regtig kor mange det er av Bønderne, som er glade i Prinselønner og høge Løner og Pensjonar yverhovud. Eg tenkjer hell vaare Stortingsmenner skal hava takk (undanteket Bentsen) fordi dei vil spara paa Løningarne, og daa Rinde iser for alt, han hev talat for Sparsemd i Stortinget.

Kven er det so, dei vil hava i Staden? Høgre veit, at det nyttar ikkje aa stelle fram berrsynte Høgremenn, so maa dei prøva med dei Vinstremenn, som dei trur seg best med. 
Olav Midbø er ein. Han kann vende og snu seg so, at Høgre au er fornøgde; han er diplomatisk. Han hev røysta paa Høgremenn fyrr. Jau han vil Høgre hava. So er det H. Tveiten, J. Kjilland o. fl.

Naar me kunne semja oss um dei støaste av Bønderne til Stortingsmenn, so kunde me vera betre tente med dei hell dei Lærde. Men no er det tryggaste, synest eg, aa samla oss um dei tri, me hev att av dei gamle; det er so vandt aa bli forlikte um dei nye. Skal me vera sikre for Tvidrag millom vaare Stortingsmenn, so bør me velja uppatt dei 3 gamle:

Thomesen, Rinde og Sveinsson, og so taka V. Ullmann som den 4de.

Øvre Telemarki 28/ 8.

O.