Sumardagen.

 
(Tone: Jeg har baaret Lærkens Vinge).

Sumardagen er det Gaman
reika um paa høge Heid.
Fjell og Himel fljota saman;
for du ser so langt av Leid.

Blanke Tjørn imot deg smiler
som eit Auga taarevaatt. 
Himelen i Fanget kviler
sveipt inni eit Flor av blaatt.

Hjurdinggjenta sorglaus hjalar:
Ku og Kalv ho kallar paa.
Bekk og Berg og djupe Dalar
vaaggar seg i henne daa.

Friske Luft du i deg tevar,
fagre Syn du njota fær,
so du skyter att i Nevar
og med kvasse Ljaaen slær.

Kvelden kjem, og Soli siger,
gjyller Skjy og høge Tind;
og den ljose Natti viger
ho med Smil til Kvila inn.

Fossen inn i Svemn deg svæver
med sin tunge, faste Song
og paa Drauma-Vengjor hever¹)
han deg upp so mangei Gong.

Næste Dag med Mot i Bringa
skodar du den fagre Jord,
Ingle Band den Hugen tvinga,
Styrken den er tvifald stor.


¹) hever av hevja.