Tidender.

 
Kristiania, den 1ste Septbr.

Statsministar Richter er reist ein Badetur til Wiesbaden (Tyskland).


I Kr.a vestre Arbeidersamfunds Sparekasse e r iaar innsett Kr. 61,127.73, derav i August
kr. 8,228.24; utteket Kr. 37,955.46, derav i August Kr. 4,291.89.

Sparekassens Garantifond er no Kr. 10,000, dens Forvaltnignskapital Kr. 80,000.


Gladstone, som no vitjar Noreg, hev voret i Bergenog Stavanger og er no inni Hardanger. I Bergen læt han hardla væl yver den venlege Fagning, han hadde fenget, kvar han kom, likesom yver alt, han hadde set. Nordmennerne likad han og totte, dei var gjæve. Han tottest hava ofsa til Fagnad av si Noregsreis.
 
Dei store engelske Blad hev lange Brev um Gladstones Reis i Noreg. Med Godvilje og Vyrdnad røder dei um vaart Land og Folk.


Prinsen  av Wales er no for Tidi i Bergen.


Sprunget i Sarpsfossen . Um Laurdagen hoppad ein Mann fraa Sarpsborg utyver Brui og beint i Sarpsfossen. Det var ein Skomakardreng, som her gjorde av med seg i Dilla.


Ljon i Fløytekoppen . Um Maandagen slo Ljonet ned i ein Gard i Drammen. Ein Mann vart raamad, so han vart liggjande i Uvit, og Lækjar vart hentad. Ein Kopp med Fløyte, som stod paa ein Omn, var reint svart, baade Koppen og Fløyten, og ein kjende ei ram Svaavellukt.


Høgre slær Lag med Vestlandspossen fortel dei Stavangeren ifraa Sandnes. Soleis tenkte dei aa vinna paa Vinstre. Desse held no som fyrr paa Øverland og vonar visst aa vinna paa Høgre og Oftedalspartiet, anar det vert Valmannsval.


Tyss! Tyss! Husk paa Valget! Ein utav dei argaste Høgreagitatorarne, ein Grosserar ifraa Kristiania, som bur paa Landet med Familien sin um Sumaren, kom her um Dagen med Frua si og Dotri og skulde inni ei 3dje Klasses Jarnvegsvogn. Vogni var full av Bønder, Arbeidarar, Berseljarar o. s. b. Dei fine Damurne grein, daa dei saag, kva Fylgje dei skulde faa, og Frøkni kom med sit Isch, som um ho var komi burti eikor Ufysa. Tyss, tyss husk paa Valget , kviskrad Grosseraren, men sopas høgt, at ein kunne høyra det. Mor og Dotter vart smørr-blide og dei tok til alle tri aa prata um Ver og Vind, um ditt datt, tilslutt um Valet. 
At Radikalarne fekk sitt, tarv ein væl ikkje leggja til. Ein laut arbeida for eit val (Høgreval), som kunne vara og skjerma Kristendom, Kongedom o. s. b. Gløym ikkje Laasavskruvaranne og Sabelsliparanne, du Far, sluttad einkvar, daa dei var komne til Vestbanestasjonen her i Byen.
 
Gorsserarpapa vart noko lang i Andlitet, daa han gjekk sin Veg.


3000 Frimurarar og væl so det er der i Sverike.


Stort  Banksvik. Kasseraren i Landsmannsbanken i Kjøpenhamn hev sviket Banken for 130,000 Kronur.

 
Paa  Island hev dei fiskat mykje Sild inni Fjordarne. Innpaa 3000 Tnr. var fiskat til 9de August.


Eit  engelsk  Eimskip Banagalore sette til no nyleg i Bugti ved Aden(Arabia). 100 Menneskje druknad.


Til Verjing av Ungmøyar. I London var der um Fredagen ein nasjonal Konferans til aa verja unge Gjentur med di, ein vilde faa Staffeloven skjerpt. Mykje framifraa Folk var der til Stades.
 
Dei vart samde um aa skipa eit Samlag, som skulde tvinga fram betre Lovar for aa kvæva kriminelle Forbrot og Sedløysa i Staten. Bispar, Atheistar (dei, som ikkje trur paa nokon Gud), Methodistar og Malthusianarar (slike, som trur, at ein lyt meinka den naturlege Folksauken), Kapitalistar, Sosialistar (dei, som vil tyna Kapitalen), Parlamentsmenner og Arbeidarar møtte for aa dryfta, korleis eit verkfullt Saar paa Statskroppen kunne lækjast, segjer P. M. G. , Bladet, som skreiv um Møybarnofringar i det nymotens Babylon.


Sjø-ormen fangad. Endeleg meiner ein no aa vera viss paa, at denne Ovbella av eit Havtroll ikkje berre er ei Segn. Kann ein tru ein Bladskrivar, som skriv aat engelske Avisur, so ligg der no ein slik ein Kar væl fortøygd i Dublin. Han skal vera 24 Fot lang og hava eit undarlegt Skap. Han vart fangad av ein Kaptein Steve Ascall tett attmed ei Øy, St. Katts, i Vestindia, so vart han havd inni ei holutt Kasse og teket paa Slæp til Irland.