[Tidender.] Um Valet i Fjordanne


(nordre Bergenhus) vert skrivet til oss:

Kor vart der av alle desse Lærarar og Klokkarar, som dei hadde so god Raad paa? Der var nemnt ein 5 _6 av det Slaget.

Og Sokneprestens Lagnad, han som nett var komen til Amtet, og som likevæl med det same skulde setjast til noko? Der var soleis ikkje Tale um han helder.

Og desse Bønder, som med ein Gong skaut upp i Dagens fulle Ljos og naadde Rang av Tingmenn og Varamenn, kven veit, kva dei tykkjer um seg no?

Saki er, at der i Amtet, etter Bladi aa døma, meir og meir vann seg fram den Meining, at dei vilde ha Bønder paa Tingbenken. Soleis gaar det altso til, at dei har forsynt seg so rundeleg med Gardbrukarar og latet dei hine faa Lov til aa vera heime so lenge. Me vil ikkje just segja, at dei ha teket baade likt og ulikt. Men vel trur me, at Prinsipet Bonde har gaatt dei noko sterkt i Hovudet.

For vaar part er det det same, anten Myklebust elder ein annan er den fyrste i Laget. Kann og gjerne vera, at Tonning no hev godt av aa koma eit Stig ned. Liljedahllikar seg sagta best ved aa staa so i Midten. Det er bra aa ha nokon paa kvar Sida av seg. Hæggkann gjera, som han vil, anten han vil spyrja seg tilraads hjaa høgre hell vinstre Grannen. Og for Blehrer det væl paa Lag det same, kva Nummer han hev, naar han berre er der.

Me ynskjer dei alle fem vælkomne i Noregs Storting og vonar, at dei, all vist dei nye, vil hugsa paa, at ogso Maalsaki treng og ventar Hjelp stødt og ikkje minst av vestlandske Bønder.

Um Valet i Aust-Uppland (Hedemarkens Amt) vert skrivet til Fedraheimen:

Valmennerne i dette Amtet hadde eit vanskelegt Arbeid, daa det var sterkt paa tale aa kaste tvo um ikkje tri av dei gamle Tingmenn.

Hjelmstad og Mortensen tykte dei vart for gamle, og Hektoen var Oftedøl o. s. b.

Naar so dertil kom, at Albert Jakobsen var flutt ut or Amtet, kunne der paa den Maaten verta aa velja fire nye Menner.

Dette vart daa so mykje verre aa faa gjort, som der var god Raad paa nye Folk. Folk, som verkeleg var dugande og betre enn dei gamle, var Meiningi. Der var mest for mange aa velja millom.

Der hadde dei daa fyrst O. Arvesen, som vist av alle var den mest framskotne. Han hev daa ogso Gong paa Gong stadet paa Nippet til aa koma inn i Tinget. Men ingen hev vist nokonsinne vore paa det reine med, anten han hev viljat hell ei. So var det og denne Gongen. Han hev sin Skule, sitt Blad og er Bankstyrar. Han skal baade ha Hug og ikkje paa Tingverksemd. Enndaa han offentleg hadde fraabedet seg Val, skulde han ikkje ha noko imot aa verta vald. Hadde han greidt og klaart sagt: eg vil, so hadde dei valt han, segjest det.

So var det Torp i Elvrum, ein Mann, som alle maatte vera med paa.

Der nemdest Konow paa Ringsaker, Engelhardt i Vinger, Hoegh i Solør.

Hjørnepolitikken gjorde, at kvart Distrikt heldt paa sin, og alle desse kunne ikkje koma upp, allvist um Hektoen skulde verta standande.

Valmennerne hadde Dagen fyrr Valet Møte paa Sagatun. Berre Vinstre fek vera med.

Fyrst heldt dei Avrøysting for aa ha noko aa gaa ut ifraa. Ettersom dei segjer, fall Røysterne soleis: 1 Glestad, 2 Torp, 3 Storeng, 4 Arvesen, 5 Konow, Hektoen og Engelhardt.

Ved Avslutningi røystad dei atter, og daa vart Lista den same med Undantak av Konow, som fall ut. Som det saa ut, vilde det staa millom Hektoen og Engelhardt.

Seinare um Kvelden vart der sagta underhandla og gjort Kompromiss paa kryss og tvers. Um Morgonen etterpaa sjølve Valdagen prøvde dei paa aa faa ny Avrøysting, men det gjekk ikkje. Det vart berre ein polsk Riksdag.

Utfallet kjenner Folk fyrr. Storeng kom utor. _ Likeso Arvesen, og baade Hektoen, Konow og Engelhardt vart valde.

Tvo Juristar kom soleis med og tvo Bønder maatte vika Plassen. Sakførarpartiet kjem, kannhenda, til aa verta noko sterkt paa Tinget.